Foto av mor og barn funne i arkivet etter Bremnes skulestyre |
Kommunale kjelder
I kommunale arkiv finn du ulike kjelder som kan vere interessant å studere i jakta på opplysningar om eigen slekt. Vi er godt i gang med å digitalisere og tilgjengeleggjere eldre arkivmateriale, og det er mykje informasjon du kan finne på eiga hand ved å nytte sjølvbetente løysningar på nett. Er du interessert i å utforske arkiv som ikkje er digitaliserte er du velkomen til å besøke oss på lesesalen vår.
På sida Finn slekta di finn du tips om ulike emne og arkiv som kan vere aktuelt å undersøke i arbeidet med slektsgransking. Her vil du òg finne lenkje til digitaliserte kjelder frå arkiva våre.
Nettsider og rettleiarar for slektsgranskarar
På Digitalarkivet finn du rettleiarar og nyttig informasjon for både nye erfarne slektsgranskarar. Her vil du òg kunne sjå kva for statlege kjelder som er digitaliserte og gjort tilgjengelege.
Digitalarkivet har eit eiget brukarforum kor du kan komme i kontakt med andre slektsgranskarar, utveksle erfaringar og få hjelp i din eigen slektsgransking.
Hos Slekt og Data og Norsk Slektshistorisk Forening finn du òg nyttig informasjon om kjelder, om søk etter slekt i utlandet og tips til kurs, møter og arrangement.
Har du forslag til materiale du ønsker skanna og gjort tilgjengeleg?
Vi ønsker at flest mogleg skal ha glede av arkiva, og støtter opp under prinsippa om digitalt førsteval i offentleg forvaltning. Har du konkrete innspel til materiale du ønsker skanna og gjort tilgjengeleg, må du gjerne gje oss tilbakemelding om det. Vi leverer fortløpande til Digitalarkivet.