Tenester til publikum
Offentlege dokument er i utgangspunktet fritt tilgjengeleg for publikum. Alle som ynskjer kan krevje innsyn i arkiva som vi ivaretek.
Nokre unnatak avgrensar retten til innsyn i offentlege dokument. Det gjeld opplysingar underlagt teieplikt jamfør forvaltingslova § 13. Les om teiepikt under opplysingar om meg på vår nettstad.
Vi hentar fram, skannar og sender ut dei fleste saker digitalt. Protokollar som er eldre enn 100 år digitaliserer og publiserer vi på Digitalarkivet. Dersom det krevjast innsyn i store mengder arkiv blir det gjort tilgjengeleg på lesesalen etter avtale.
Kontakt oss
For innsyn i arkiva bed vi om at du nyttar skjemaet vårt for tinging av opplysingar frå våre arkiv. For andre førespurnadar kan du sende oss ein e-post til post@ikah.no. Har du ikkje høve til å bruke våre digitale tenester kan du ringe oss på telefon 55 30 60 90 mellom kl. 09.00 - 14.30 alle kvardagar.
Lesesalen
Vi deler lesesal med Bergen byarkiv. Lesesalen er open måndagar mellom kl. 09.00 - 15.00. Alle besøk må avtalast i god tid på førehand. Vi tek omsyn til geografisk avstand, og du kan avtale vitjing på lesesalen ut over normale opningstider. Det må avtalast med den einskilde sakshandsamar.
Sakshandsamingstid
Vi svarar så snart vi kan, normalt 21 yrkedagar. Førespurnadar frå kommunane våre blir prioritert.
Standardsvar om slekt
Vi sender ut standardiserte svar på førespurnadar som gjeld slektsgransking. Det er svært mykje informasjon du kan finne på eiga hand ved å nytte sjølvbetente løysingar på internett. I svarbrevet vil du finne forslag og tips til kvar og korleis du kan leite.
Arkivkatalogar
Vi publiserer alle våre arkivkatalogar på Arkivportalen. Det vil vere noke etterslep for nyleg deponerte arkiv og arkiv under ordning.
Tenester til eigarkommunane
Kvar eigarkommune er tildelt ein rådgjevar som fungerer som kontaktperson mellom IKA Hordaland og kommunen. Kommunekontakten har mellom anna ansvar for å:
- Gje fagleg rådgjeving innan arkivlova med forskriftene og anna lovverk som regulerer dokumentasjonsforvalting.
- Utarbeide analyser og kartlegging av arkiv i kommunen.
- Hjelpe med utarbeiding av rutinar for dokumentasjonsplan, internkontroll og arkivdanning.
- Hjelpe med deponering av papirarkiv.
- Hjelpe med deponering av elektroniske arkiv.
- Halde oversyn over arkivbestanden kommunen har hjå IKA Hordaland.
- Halde kurs for administrasjon og forvalting om arkivfaglege emne.
- Delta i arkivfaglege prosjekt i kommunen.
Vi tilbyr òg tenester knytt til ordning og digitalisering av arkiv, sakshandsaming av innsyn i arkiva, kurs og formidlingsprosjekt.
Sakshandsamingstid
Førespurnader frå eigarkommunane våre blir prioritert. Vi svarer normalt innan 21 yrkedagar. Ved innsynskrav i personregistermapper freistar vi å sende svar innan 1-2 yrkedagar.