Visjonen vår er å vere ein døropnar til historia og vi håper at både eigarkommunane og publikum finn den informasjonen dei treng på sida vår. Samarbeidet vart skipa i 1987 og har frå 2020 hatt 24 eigarar. Selskapet sitt føremål er å arbeide for at verdfullt arkivmateriale i eigarkommunane vert teke vare på og sikra som informasjonskjelder for samtid og ettertid.