Finnås kommune vart oppretta i 1838, i samsvar med formannskapslovene av 1837, og eksisterte fram til 1916 då ho vart delt i tre, Bømlo, Bremnes og Moster. Bømlo kommune er i dag eigar av arkivet. Arkivet etter kommunen strekkar seg frå perioden 1838 til 1927 og består av arkiv skapt av valstyret, formannskapet, heradskassen, fiskarmanntalsnemnda, likningsnemnda, skulestyret, fattigkommisjonen, verjerådet, barneskulane og overformynderiet. Digitaliseringa av arkiva gir oss tilgang til eit stort tal av historier, både på samfunnsnivå og individnivå.   

Arkiva vart henta inn til IKA Hordaland i åra 1995-1991. Her vart dei ordna og katalogisert i 2004. Prosjektet med å skanne og digitalisere arkivet starta og vart avslutta i 2020. Arkivet utgjer 3,5 hyllemeter med arkivmateriale, og totalt er 21 000 bildar publisert på Digitalarkivet. Ei oversikt over arkiva finn du her.