Ei omfangsrik kjelde til slekts- og skulehistorie

Bakgrunn for prosjektet

Med landsskuleloven av 1860 vart dei ulike skulekommunane delt opp i krinsar. I kvar krins skulle det vere faste skular for elevane. Til tross for at skulekrinsane fekk auka mynde delegert frå statlege organ frå slutten av 1800-talet, vart skulekrinsane under ulike omstende endra, slått saman og splitta. Dette har resultert i at det kan både vere vanskeleg og tidkrevjande å få oversikt over skulekrinsane og arkiva etter dei.   

Viktigheita av skulekrinsane er mange, både for kommunane dei eksisterte i, for lokale grendene og for dei som gjekk på skule i dei. Utbygging av vegar og bygdesentrum, fråflytting, generasjonsskifte og endra regelverk er alle  årsaker til at historiene og sogene om skulekrinsane går tapt. Dette gjer at ein må ta grep for føre langsiktig forvaltning og formidling.     

Skuleprotokollar 

Skuleprotokollane som er digitaliserte innheld i hovudsak lister over elever og deira karakterar i enkeltfag. I protokollane finn vi gjerne og notater og merknader læraren hadde gjort seg. Dette kan vere notat om kva lærarstoff elevane hadde vore gjennom, kommentarar om elevane sine evner og opplysningar om kva år dei var komfirmet eller kvar dei hadde flytta. Enkelte lærare hadde og notert ned lister over inventar i protokollane.        

Dei digitaliserte skuleprotokollane frå Hordaland finn du her

Skulenmin

Skulenmin er ein nettportal for formidling av skulehistorie utarbeidd av Vestland fylkeskommune. På skulenmin får du ei oversikt over skulekrinsar i alle kommunar i tidlegare Sogn og Fjordane fylke. For ein del kommunar finn du og informasjon om krinsane og skulehusa som har vore i desse, samt forteljingar, historier og bilete. Her vil og informasjon om skulekrinsane i gamle Hordaland fylke. 

 

Oversyn over kommunane

 

Region Kommuner
Sunnhordland Etne kommune
Sunnhordland Skånevik kommune
Sunnhordland Sveio kommune
Sunnhordland Vikebygd kommune
Sunnhordland Valestrand kommune
Sunnhordland Bømlo kommune
Sunnhordland Moster kommune
Sunnhordland Bremnes kommune
Sunnhordland Stord kommune
Sunnhordland Fitjar kommune
Sunnhordland Tysnes kommune
Sunnhordland Kvinnherad kommune
Sunnhordland Fjeldberg kommune
Sunnhordland Varaldsøy kommune
Hardanger og Voss Ullensvang herad
Hardanger og Voss Kinsarvik kommune
Hardanger og Voss Odda kommune
Hardanger og Voss Jondal kommune
Hardanger og Voss Røldal kommune
Hardanger og Voss Eidfjord kommune
Hardanger og Voss Ulvik kommune
Hardanger og Voss Voss kommune
Hardanger og Voss Vossestrand kommune
Hardanger og Voss Evanger kommune
Hardanger og Voss Granvin herad
Hardanger og Voss Kvam herad
Hardanger og Voss Strandebarm kommune
Midthordland Samnanger kommune
Midthordland Os kommune
Midthordland Fusa kommune
Midthordland Hålandsdalen kommune
Midthordland Strandvik kommune
Midthordland Austevoll kommune
Midthordland Sund kommune
Midthordland Fjell kommune
Midthordland Hjelme kommune
Midthordland Herdla kommune
Midthordland Askøy kommune
Nordhordland Bruvik kommune
Nordhordland Modalen kommune
Nordhordland Hamre kommune
Nordhordland Hosanger kommune
Nordhordland Meland kommune
Nordhordland Lindås kommune
Nordhordland Alversund kommune
Nordhordland Manger kommune
Nordhordland Austrheim kommune
Nordhordland Fedje kommune
Nordhordland Masfjorden kommune