Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Andre verdskrig

null

“[...] for dem som herefter leser denne bok”

Formannskapssalen var den same og møteboka var den same, men situasjonen var alt anna enn vanleg. Våren 1940 møttest formannskapa i Hordaland i skuggen av invasjon, okkupasjon og ei uviss framtid. Fem år seinare samla dei seg att, med ei etterlengta frigjering bak seg, og ei attreising framfor seg. Desse formannskapsmøta sett lys på dei reelle vurderingane, avgjerdene og utfordingane som prega det lokale styret i ein av Noreg sine mest krevjande periodar.  

Dei første møtereferata i protokollen etter 9. april 1940 og 8. mai 1945 kan gje innblikk i korleis invasjonen, okkupasjonen og frigjeringa kjem til utrykk lokalt. På denne måten kan ein få innsikt i korleis krigen vart handtert og diskutert på lokalt nivå, og eit perspektiv på krig og okkupasjon som sjeldan kjem fram i framstillingar av krigen.  

Under artikkelen finn du lenkjer til møtereferat frå det første møtet etter 9. april 1940 og det første etter 8. mai 1945.

Ein handskriven skulestil

Då freden kom

Våren 1945 og 1946 bestemte fleire eksamensnemnder over heile landet at tema for den norske stiloppgåva ved folkeskulen skulle vere «Då freden kom». I stilane skildrar elevane sine opplevingar  og tankar om okkupasjonsåra og dagen då frigjeringa kom. 

Stord katastrofeutval

Katastrofeutvalet i Stord

Invasjonen av Noreg 9. april 1940 markerte starten på fem år under tysk okkupasjon. Under okkupasjonen vart tyske mål i Noreg bombet av allierte fly. Enkelte byar og tettstader opplevde store øydeleggingar. I 1943 vart fleire norske kommunar pålagt å opprette katastrofeutval som skulle syte for at naudsynte tiltak vart iverkvsatt ved luftangrep.    

1
>