Handel på Kyrping

Kyrping i Etne kommune var frå gamalt av vore eit knutepunkt for ferdsel langs Åkrafjorden. Reisande som skulle til fots over fjellet la til med båt i Kyrping, som hadde ei god hamn. I tillegg hadde lokale bønder sine naust her. Etter liberaliseringa av handelslovgjevinga i 1842 etablerte Kyrping seg som ein handelsstad. Tidlegare hadde byborgarane i Bergen hatt monopol på byvarehandelen, men med liberaliseringa vart desse reglane vart mjuka opp. 

Sjølve handelsstaden bestod av ei hovudbygning, ei sjøbu, ei sjøbu med butikk, eit bakeri og ei løe. Etter berre 130 år var det slutt med handel på Kyrping. Med utbygginga av den nye riksvegen vart transport langs sjøvegen redusert, og Kyrping vart liggjande i bakevja. 

Fleire av bygningane har i nyare tid vore sette i stand. Etter ei synfaring i 1985 utarbeide Fylkeskonservatoren i Hordaland ei førebels antikvarisk vurdering av handelsstaden Kryping. Her vart bygningsmiljøet på Kyrping vurdert som svært verneverdig, med bakgrunn i at det vart knapt nokon handelsstad frå same periode i Hordaland som var så intakt, bygnings messig og antikvarisk.   

Handelsstaden har ingen formell vernestatus, men er registrert i Askeladden, den offisielle databasen til Riksantikvaren over freda kulturminne og kulturmiljø i Noreg

Handelsmannen Ole Hansen

Husmanssonen Ole Hansen starta opp landhandel på Kyrping like før 1850 og drev forretning her i over 50 år. Hansen var ein svært føretaksam mann og gjorde gode pengar på handel. Han opna både bakeri og eit postkontor og starta opp med fargeri og garveri. Samstundes hadde han eit gardsbruk på Sævareid. Fleire av bygningane på Kyrping vart reist av Hansen, og han var og med på å bygge den første dampskipsbrygga, kalla Hålandsbuo. 

I 1851 gifta Hansen seg med Boleatte Pedersdatter. Saman fekk seks barn, to søner og fire døtrer.