Bruk av våre foto
Ved bruk av fotografi frå IKA Hordaland skal fotograf og referanse til kjelde alltid gjevast. Dersom det er ukjent fotograf erstattar ein namnet på fotografen med ukjent. Ein kan også nytte arkivstien som referanse til kjelda:
Fotograf: Ole Olsen/ IKA Hordaland, Alver kommune, Radøy bygdeboksamling
Alle publiserte foto markerast med ein Creative Commons lisens som avklarar korleis ein kan bruke det einskilde biletet. Elles viser vi til avgjerslene i åndsverklova. Ta gjerne kontakt med oss for rettleiing.
Fotografi kan nyttast vederlagsfritt.
Foto i saksarkiv
Hjå oss ligg fotografi ofte spreidd rundt som vedlegg blant andre typar arkivkjelder, som brev og noteter, eller som vedlegg til journalar og i offentlege saksmappar. Ofte finn me fotografi knytt til skule- og barnehage-, teknisk-, helse- og omsorg- og kultursektoren. Desse fotografia er ikkje ferdig ordna, digitaliserte og registrerte enno.
Vi har skilt ut ein del fotografi frå saksarkiva til eigne seriar. Desse er ikkje digitaliserte. Sjå katalogen vår på Arkivportalen for oversyn over registrerte fotografi og anna audiovisuelle arkivkjelder.
Radøy bygdeboknemnd
Fotosamlinga etter Radøy bygdeboknemnd består av over 4000 fotografi som har vorte samla inn frå heile gamle Radøy kommune.
Fotosamlinga vert publisert i sin heilskap til Digitalarkivet foto. Trykk her for å sjå fotografia.
Mange av fotografia i samlinga er av nyare dato med menneskje på motivet. Desse er difor ikkje publisert ut til publikum.
Radøy bygdeboknemnd var ei kommunalt nedsett nemnd, og var komiteen vak det omfattande bygdebokverket Radøy gjennom tidene. Bokverket består av fem bind og er tilgjengeleg via Nasjonalbiblioteket.no.
Bileta syner ei rik og variert historie om alt frå menneska som bur og budde i kommunen, kva dei heldt på med på fritida, korleis dei arbeidde i det gamle jordbrukssamfunnet, natur, bygningar og mykje meir. Fotografia er teke frå slutten av 1800-talet og fram til tidleg 2000-tal.
Widerøesamlinga
Mellom 1934 og 1972 flaug Widerøe (og Fjellanger etter 1970) over heile Noreg og fotograferte bebyggelsen i landet. Vi har slike flyfoto frå mange kommunar i Hordaland.
Widerøe og Fjellanger tok i hovudsak to ulike typar fotografi. Skråfoto er fotografi som medvitent er teke på skrått for å oppnå resultat som har verdi for inspeksjon og dokumentasjon av bebyggelse og andre objekt på bakken.
Skråfotoa vart i mange kommunar kjøpt av kommunane kring 1970, og hamna rundt på kommunehusa. I 2013 byrja Nasjonalbiblioteket å samle inn skråfoto etter Widerøe frå kommunane i Noreg med formål å digitalisere dei. Dersom det er hol i desse samlingane kan vi ha kopiar. Skråfotoa er publiserte på Nasjonalbiblioteket.no.
Såkalla ortofoto, eller vertikalfoto, har same geometriske eigenskapar som eit kart. Desse kan gjerne brukast til arealplanlegging og fotografiske kart. Ortofoto finnast i dag hjå Kartverket, som også har lansert nettstaden Norge i bilder der ein kan samanlikne område i Noreg og Hordaland før og i dag.
Askøy Tidend
Askøy Tidend var Askøy si fyrst lokalavis, og var i drift mellom 1950 og 1984. Nynorskavisa kom i trykken kvar fjortande dag, og la vekt på undersøkjande journalistikk, historie og kultur. Då Askøyværingen publiserte si fyrste avis i 1978 med langt meir dagsaktuelle sakar fekk Askøy Tidend sterk konkurranse, og dei to avisene slo seg saman i 1984.
I 2023 sendte vi alle fotografia etter Askøy Tidend til Nasjonalbiblioteket i Mo i Rana for digitalisering. Fotosamlinga etter Askøy Tidend er i sin heilskap tilgjengeleg via Nasjonalbiblioteket. Askøy kommune, IKA Hordaland og Askøy Tidend skal alltid krediterast ved bruk.
Andre nettstader med historiske fotografi frå Hordaland
Det finst mange nettstader der arkivinstitusjonar publiserer fotografi som dokumenterer historia i Hordaland. Saman danner alle desse sidene eit godt bilete av dei mange sidene av samfunnslivet:
Museumssektoren/KulturIT: Digitalt museum
Bibliotekssektoren/Nasjonalbiblioteket: Nettbiblioteket
Universitetet i Bergen: Marcus
Kulturhistoriske arkiv: Samla
Vestland fylkeskommune: Det digitale fylkesarkivet
