Stiloppgåvene bærer preg av at det var visse forventningar om kva for kjensler elevane skulle ha om krigen sin slutt. Barna uttrykker store glede over at åra under tysk okkupasjon endeleg er ved ein ende, og fleire av stilane har eit sterkt patriotisk og nasjonalromantisk preg. Samstundes gjev oppgåvene oss eit unikt innblikk i skulebarna sine minne frå krigen.   

Andre verdskrig er den dødelegaste konflikten i mennesket sin historie – om lag 72 millionar menneskeliv gjekk tapt. Frå skulestilane kan vi sjå at herjingane krigen førte med seg i Europa ikkje gjekk upåakta hen: «Det er slutt med å senda folk til Tyskland. Slutt med torturen og konsentrasjonsleirar. Slutt med å pina og plaga folk til dei ikkje greier meir. Slutt med å ødeleggja så mykje som råd er». 

Også nordmenn fekk kjenne på brutaliteten til krigen. Krigsseglarane er eit tilbakevendande tema i fleire av stilane. Ein av elevane kan og fortelje om då ho høyrte lauslate fangar frå Grini tale på radio. 

Gleda over slutten på krigen er likevel det som opptar barna mest. Barna fortel om korleis blendingsgardinene - eit symbol på okkupasjonsmakta - vart brent på store bål, korleis både bygd og folk var pynta til fest og om feiringa som varte til langt på kveld: «Folk hadde visst aldri vore så glade før som i dag, for i dag song dei med, både unge og gamle». 

Digitalisert materiale 

På Digitalarkivet har vi tilgjengeleggjort skulestilar med tittelen «Då freden kom» frå arkiva etter Bruvik og Fusa skulestyre. Ønskjer du å lese i desse kjeldene kan du trykke på lenkene nedanfor:

Bruvik skulestyre

Fusa skulestyre

Forlaget Ariel sin stilkonkurranse

Hausten 1946 utlyste Forlaget Ariel, tilhøyrande Det norsk totalavholdsselskap, ein stilkonkurranse kor elevane kunne velje mellom tema «Då freden kom» og «Eit minne frå krigen». På Arkivverket kan du lese meir om konkurransen og finne lenke til digitalisert materiale