Ei åtvaring om krig - 700 sek kveitekorn og 500 sek mjøl
Om vi samanliknar formannskapsmøta rett etter invasjonen og frigjeringa, ser vi tydelege forskjellar i kva saker som blir vektlagde. I møta som fann stad like etter krigen braut ut i 1940, har mange kommunar eit sterkt fokus på rasjonering og innhenting av ressursar til innbyggarane. Eit gjennomgåande tema i desse møta er arbeidet til forsyningsnemnda. Eit døme på dette er i Granvin der forretningsføraren gjev opplysningar om kva varer som skal delast ut frå lagera hos dei lokale handelsmennene. Slike saker går att i mange formannskapsmøte i tida rett etter krigsutbrotet. Dette står fram som ei naturleg prioritering, ettersom landet hadde komme under okkupasjonsmakta si kontroll, og forsyningslinjene kunne svikte, spesielt i dei første vekene og månadene.
I Meland kommune ser vi liknande prioritering der det vart valt ei nemnd på fem personar, som saman med forsyningsnemnda skulle arbeide med matforsyninga i heradet. I same møtet fekk lensmannen myndigheit til å setje i verk tiltak han meinte var nødvendige for å sikre rasjonering og matforsyning. Kommunane delte ei felles bekymring knytt til usikkerheit rundt det å kunne skaffe nok mat og andre viktige ressursar til befolkninga. Vidare blir det i Meland diskutert tiltak om «tvangsavslåing av dei varer som det kan tenkjast å verte knapt om», og i Vikebygd om lagring av sukker og mjøl på ein forsvarleg måte. Krigen skaper vanskar og tidlegare strev blir til reelle problem, slik som i Sveio der det i møtet kjem fram at kommunen ikkje kan få tak i kontantar. Dette skrivet held fram med at dei som ikkje har kontantar og av den grunn blir nekta matvarer av handelsmenn, kan ta ut det «aller nådigaste på kommunens garanti». Vi ser dermed at det store fokuset i formannskapsmøta rett etter invasjonen er å diskutera korleis matforsyningar skal ivaretakast og oppretthaldast for innbyggjarane sitt beste.
Det er få formannskapsprotokollar i kommunane etter krigsutbrotet der krigen og forsyningsnemnda ikkje blir nemnt. Ein av kommunane der det tilsynelatande ikkje blir nemnde er Varaldsøy, der møtet hovudsakeleg omhandlar budsjettet for 1940–41, utan direkte referansar til krigen. Det er likevel verdt å merke seg at dette møtet fann stad så seint som 10. juni, omtrent to månader etter invasjonen. Det er derfor sannsynleg at tiltak knytt til forsyning, hamstring og rasjonering allereie var blitt handtert utan nærvær av eit formannskapsmøte. Ei mogleg forklaring på fråværet av møter i denne perioden kan vere at kommunane blei hindra anten direkte eller indirekte av nazistane, eller at slike avgjerder vart teke i meir uformelle omgjevnader.
«.[..]og frå same stund er Norge i krig med Tyskland.»
Generelt vert krigen ikkje nemnd spesifikt i møteprotokollane, anna enn indirekte gjennom drøfting av ymse hamstring- og krisetiltak. Likevel vert krigen nemnd direkte i enkelte kommunar, slik som i Etne, der møtet har overskrifta «Krig». Møtevedtaka i Etne vert følgde av ei lengre utgreiing som skildrar korleis krigen starta elles i Europa, og at Noreg si nøytralitet vart krenkt av «dei krigførande» alt før krigen kom til Noreg. Det var viktig å få situasjonen dokumentert. Det kjem tydeleg fram i innleiinga til beretinga der det står «om foranledningen til foranstaaende formannskapsmøte nedskrives denne bereting til underretning for dem som herefter leser denne bok". I Masfjorden sitt møte datert 9. april vert det skrive i sak nr. 4 at då saka skulle handsamast vert møtet brått avslutta då fleire medlemer vart innkalla til allmenn mobilisering. Varsel om invasjon er noko som går att i fleire av formannskapsmøta, der kommunar som Jondal, Voss, Eidfjord og Granvin nemner sine versjonar av den tyske invasjonen av Noreg. Medan Jondal daterer krigsutbrotet til kuppet 9. april 1940, hevdar Etne at det alt 8. april vart meldt over radio at Tyskland hadde «besat dei fleste norske byar langs kysten under kamp med norske forsvarskrefter». Dette viser tilsynelatande at krigen både kom til ulik tid, og ramma kommunar i Hordaland ulikt.

Den administrative situasjonen i fylket vert samstundes skildra som sterkt pressa. I Granvin opnar formannskapet møtet med å slå fast at heile den planlagde sakslista måtte leggjast til side til fordel for «dei saker som situasjonen krev». Fokuset og viktigheita av saker endra seg brått og eit skifte i administrasjon skjedde fleire stader. Gjennom formannskapsmøtet til Jondal informerast det at ein ny fylkesadministrasjon i Voss er oppnemnt, og dei dermed skal ta direktiv frå fylkesmannen i Voss. Invasjonen av Norge førte til omfattande tiltak for kommunane si infrastruktur og administrasjon. Eit døme på dette er Etne, der telefon, telegram og andre tenester etter alt å dømme vert sett ut av funksjon alt 8. april.
Fleire kommunar nyttar møteprotokollane til meir enn berre registrering av vedtak, der det spesielt i Jondal og Etne ligg eit tydeleg ynskje om å vidareformidle og dokumentere det som gjekk føre seg på desse plassane. Dette kan merkast med skrivet i Etne sitt formannskapsmøte som melder om innkvartering av eit kompani under Kaptein Vestbø på Rygg skule og «Sörbygdens bedehus», samt ein straum av evakuerte som kom til bygda, særleg frå Haugesund.
Fridom og fred
Dei første formannskapsmøta etter frigjeringa 8. mai viser ei tydeleg endring i både karakter og stemning samanlikna med det første møtet etter invasjonen. Der stemninga tidlegare var prega av uvisse, bekymring og dysterheit, framstår møta etter frigjeringa som meir oppløftande, positive og prega av ein varmare karakter og stemning.
Saker som tidlegare handla om forsyningar, hamstring og rasjonering, erstattast no av det ordinære. Utnemning av nye medlemmar går att som eit gjennomgåande tema i fleire av formannskapsmøta etter krigen. Ein vidare fellesnemnar i desse møta er tendensane til at mange av desse møta finn stad i slutten av mai og byrjinga av juni. Denne utviklinga kan forklarast med den omfattande att bygginga, restruktureringa av det administrative apparatet og den generelle utmattinga etter krigen, som kan bidra til å forklare det relativt bråe skiftet mot det ordinære. Det er førebels mogleg at dei mest påtrengande oppgåvene etter frigjeringa i større grad blei handtert av kommunestyret, framfor å verte delegert til formannskapet.
Krigstematikken verker å forsvinne nokså brått i mange av formannskapsmøta etter frigjeringa. Eit døme på fråtredinga frå krigssnakk er diskusjon rundt tidlegare avsett midlar for bygging av fotballbane vert teken opp i Sæbø kommune. Som sagt er overgangen bort frå krigs- og konflikttematikk til det ordinære tydeleg i mange kommunar sine formannskapsmøte, men det er ikkje alle kommunar som lar frigjeringa passere utan å sette spor. Kommunar som Jondal og Kvam gjev tydeleg uttrykk gjennom utførlege tekstar som både summerer opp krigsåra og trekkjer opp linjene for attreisinga av det kommunale demokratiet.
Velkommen til arbeidet i eit fritt, demokratisk bygdestyre
Mange formannskapsmøte etter frigjeringa vart prega av friheit og sjølvstendigheit, der eit skriv i Jondal opnar med at Noreg på nytt vart fritt og sjølvstendig etter fem år med tysk okkupasjon. Denne varme tonen finn ein i fleire formannskapsmøte slik som i Tysnes der ordføraren ynskjer dei oppmøte til lykke med freden, fridomen og helsa. Dette gjer også ordføraren i Granvin; «Ordføraren så møtet lovleg sett og ynskte medlemmene velkomne til arbeidet i eit fritt, demokratisk bygdestyre til lukka og framgang for folket».
I Kvam nemnast ikkje krigen eller okkupasjonen i formannskapsmøtet 30. mai 1945 direkte, men ei utgreiing datert 28. mai fortel oss mykje om okkupasjonstida frå Kvam sitt perspektiv. Formannskapsmøtet til Kvam kommune deler ut særskild ros for verneviljen og innsatsen til ungdommen under invasjonen, okkupasjonstida og atterreisinga. Den same rosen får dei frivillige frå skyttarlaga for deira deltaking i kampane i Kvamskogen 21.-22. april 1940, og Ordførar Håkon Sandven, tilsett i 1943, for å ha «nytta sitt sunne bondevet til motvekt mot nazi-forordningane». Frigjeringa kjem fram som ein fest og tid for feiring i formannskapsmøtet i Kvam, der humor og hyllest gjevast ut der det er fortent.
Gjennom formannskapsmøte etter frigjeringa blir ein også minna på alvoret under okkupasjonstida. I Kvam vart mange bygdefolk fengsla både i Noreg og Tyskland, samstundes som nokre flykta til Sverige. Så vidt kommunen kjende til, var alle i live, og det vart uttrykt eit sterkt ynskje om å få dei heim att snarast råd. Eit viktig tema i Odda sitt formannskapsmøte var Sosialdepartementet si ordning for tildeling av økonomisk støtte til frigjevne, politiske fangar. Attreisingsarbeid var òg naudsynt etter krigen, slik som i Sund kommune, der det vert skrive at «Styremaktene må gjera fortgang med gjenoppbygginga». Dette viser til den naudsynte gjenreisinga av Telavåg, i lys av tragedien som fann stad då nazistane brende ned heile bygda og sende mennene til konsentrasjonsleir.
Som tidlegare nemnt ser dei fleste formannskapsmøta ut til å ha starta relativt seint etter frigjeringa. Dette vart i enkelte kommunar forklart som eit resultat av ei omfattande utreinsking av styremedlemer som var oppnemnde av okkupasjonsmakta. Døme som Jondal og Alversund kan trekkjast fram her, då formannskapsmøta tek opp spørsmålet om tilliten til medlemane. I Jondal vert det lagt fram at det mellombelse kommunestyret må bestå av dei medlemane av formannskapet som sat i perioden 1938–41. Medan sjølve møtet i hovudsak handsamar ordinære saker, gjev utgreiinga ei grundig gjennomgang av den politiske og administrative situasjonen i kommunen under okkupasjonen. Her ynskte ein truleg å unngå personar assosierte med Nasjonal Samling og okkupasjonsmakta, slik som heradsstyret i Alversund, som ikkje godkjente tilsetjinga av likningssekretæren og heradskasseraren med tilknyting til NS. Liknande finn ein spor av i Jondal, der den tidlegare NS-ordføraren vart fråteken vervet sitt og arrestert.
Ei reinare folkesjel
Frigjeringa oppsummerast på ein treffande måte gjennom uttala til Kvam kommune der krigsåra skildrast som ei tung prøving, samtidig som det skildrast at folket står att med «ei reinare folkesjel». Politisk og personleg fridom vert ikkje framstilt som noko ein kan ta for gitt, men som verdiar som aktivt må vernast. Dette vert understreka i den avsluttande formuleringa:
«Kvam heradstyre si oppgåve er det å verne og vara det atterreiste kommunale sjølstyre.
Den plikta legg eg på alle dei kommande ætter.»

Kjelder
Kjeldene som er nytta i denne artikkelen er protokollane frå formannskapsmøta i Hordaland i perioden 1940–1945. Arbeidet har gått ut på å undersøkje kva som vart nedteikna i det første møtet etter invasjonen 9. april 1940 og det første møtet etter 8. mai 1945. Ved å klikke på lenka kjem du direkte til referata frå desse møta i dei ulike kommunane.
Artikkelen er skrive ved å lese og sjå møtereferata i samanheng for å få fram kva som hende lokalt då krigen råka og fra til frigjeringa.
Desse kommunane er brukt i teksten:
Fyrste møte etter den 9. april 1940: Alversund kommune, Eidfjord kommune, Etne kommune, Granvin herad, Jondal herad, Kvam herad, Masfjorden kommune, Meland kommune, Odda kommune, Sund kommune, Sveio kommune, Sæbø herad, Varaldsøy herad, Vikebygd herad, Voss herad
Fyrste møte etter den 8. mai 1945: Alversund kommune, Eidfjord kommune, Etne kommune, Granvin herad, Jondal herad, Kvam herad, Masfjorden kommune, Meland kommune, Odda kommune, Sund kommune, Sveio kommune, Sæbø herad, Varaldsøy herad, Voss herad
Her finn du resten av kommunane:
Fyrste møte etter den 9. april 1940: Austevoll kommune, Austrheim kommune, Askøy kommune, Bømlo kommune, Bruvik kommune, Evanger herad, Fjelberg herad, Fjell kommune, Fusa herad, Hamre herad, Herdla herad, Hjelme herad, Hordabø kommune, Hosanger herad, Hålandsdal kommune, Kinsarvik herad, Kvinnherad kommune, Lindås kommune, Manger kommune, Moster kommune, Os kommune, Røldal kommune, Skånevik herad, Stord kommune, Strandebarm kommune, Strandvik kommune, Tysnes kommune, Ullensvang herad, Ulvik herad, Valestrand kommune
Fyrste møte etter den 8. mai 1945: Austrheim kommune, Askøy kommune, Bremnes kommune, Bømlo kommune, Evanger herad, Fusa herad, Hamre herad, Herdla herad, Hjelme herad, Hordabø kommune, Hosanger herad, Hålandsdal kommune, Kinsarvik herad, Kvinnherad kommune, Lindås kommune, Manger kommune, Modalen kommune, Moster kommune, Os kommune, Røldal kommune, Samnanger kommune, Skånevik herad, Stord kommune, Strandebarm kommune, Tysnes kommune, Ullensvang herad, Ulvik herad, Vossestrand herad
