Kommunale kjelder
I byggesaksarkiva finn du dokumentasjon om eigedom som har inngått i sakshandsaminga etter plan- og bygningslova. Dette kan vere byggemeldingar, teikningar, ferdigattestar og korrespondanse mellom kommune, arkitekt og byggherre.
Mengda av dokumentasjon som finnes på ein eigedom vil variere. Enkelte eigedomar kan ha meir enn ei byggesaksmappe. Spreiddbygde strøk vart først omfatta av bygningslova i 1965, og utanfor byane kan det derfor vere vanskeleg å finne dokumentasjon om ein eigedom før denne perioden.
Ønsker du innsyn i eiga byggesaksmappe anbefaler vi deg om å ta kontakt med kommunen. Store delar av byggesaksarkiva er digitalisert og vil vere tilgjengeleg på nett. Mange kommunar nyttar docTorg, som er ein sjølvbetjent løysning for historiske eigedomsarkiv.
Dokumentasjon om kommunale bygg og eigedomar kan og vere å finne i saksarkiv etter ulike arkivskaparar, avhengig av byggjeår og type bygg. Saksmappene kan innehalde forberedande saksdokument, vedtak, korrespondanse, teikningar og i nokre tilfelle foto.
Statlege kjelder
Tinglyste dokument frå perioden fram til 1950 finn du i dei statlege arkiva. På Digitalarkivet kan du sjølv gjere søk i grunnboka for å sjå kva som er tinglyst på din eigendom. I pantebøkene finner du avskrifter av tinglyste dokument, medan anna skylddelingar og skøyter. For nyare tinglyste dokument må du ta kontakt med Kartverket.
På Arkivverket sine heimesider finn du rettleiarar om korleis du skal gå fram for finne tinglyste dokument, branntakstar og jordskiftesaker.