Katalogar på Arkivportalen
IKA Hordaland har ordna, registrert og utarbeidd arkiv for alle kommunane i Hordaland for perioden 1837 til 2019 (utanom Bergen). Fram til 1965 er alt publisert. Når vi er ferdige med Ullensvang, Stord og Alver kommunar er alt publisert fram til og med 1992. Arkiv fram til 2019 publiserast ettersom dei blir registrert.
Arkivkatalogen registrerer vi i fagsystemet Asta 7 og publiserer til Arkivportalen.no.
På Arkivportalen kan du søke i arkivkjelder frå 52 eksisterande og historiske kommunar i det som var Hordaland fylke. Alle dei administrative arkiva står oppbevart hjå oss med unntak av Eidfjord, Strandebarm og Kvam. Desse ivaretakast fysisk av arkivdepot i Eidfjord kommune og Kvam herad.
Vi vurderer eit arkiv godt nok registrert når til og med boksnivå er skildra. I mange tilfelle registrerer vi også alle mapper. På arkivportalen kan vi ikkje publisere sensitive personopplysingar. Arkivseriar med personregister publiserast difor berre til serienivå.
Privatarkiv er arkiv som er skapt utanfor offentleg sektor. Her kan du lese meir om privatarkiv frå Hordaland og sjå kva privatarkiv vi ivaretek.
Og er du nysgjerrig på dei elektroniske arkiva? Sjå på Arkivportalen kva vi iveretek i det digitale sikringsmagasinet.
Nedanfor kan du klikke på kommunen du ynskjer for å leite i arkivkatalogen på Arkivportalen.
Digitaliserte arkiv på Digitalarkivet
IKA Hordaland digitaliserer arkivkjelder til Digitalarkivet. Alle arkiv er ikkje digitaliserte enno, men vi nærmar oss det meste av protokollar. Arkivkjelder publiserast forløpande ettersom det blir skanna.
Offentlege arkiv er i utgangspunktet fritt tilgjengelege frå ålmenta i Noreg etter grunnlova §100 og offentleglova §3. Mykje arkiv inneheld likevel teiepliktige opplysingar etter forvaltingslova §13. Vi kan difor berre publisere arkiv som er eldre enn 100 år fritt tilgjengeleg på nett.
Dersom du møter på hengelåsen på Digitalarkivet kan du tinge innsyn hjå oss. Då undersøkjer vi om det finst teiepliktige opplysingar og om vi kan sleppe arkivkjelda fri.
Privatarkiv er arkiv som er skapt utanfor offentleg sektor. Her kan du lese meir om privatarkiv frå Hordaland og sjå kva privatarkiv vi har digitalisert.
Nedanfor kan du klikke på kommunen du ynskjer for å lese i digitaliserte arkiv på Digitalarkivet.
Klikk på din kommune for å sjå katalog eller digitaliserte arkiv
Kommune | Arkivkatalogar | Digitaliserte arkiv |
Etne kommune | ||
Sveio kommune | ||
Bømlo kommune | ||
Stord kommune |
|
|
Fitjar kommune |
|
|
Tysnes kommune |
|
|
Kvinnherad kommune | ||
Ullensvang kommune | ||
Eidfjord kommune |
|
|
Ulvik herad |
|
|
Voss herad | ||
Kvam herad | ||
Samnanger kommune |
|
|
Bjørnafjorden kommune | ||
Austevoll kommune |
|
|
Øygarden kommune | ||
Askøy kommune |
|
|
Vaksdal kommune |
| |
Modalen kommune |
|
|
Osterøy kommune | ||
Alver kommune | ||
Austrheim kommune |
|
|
Fedje kommune |
|
|
Masfjorden kommune |
|
|