Innsyn i teiepliktig materiale

I utgangspunktet er alle offentlege arkiv fritt tilgjengelege for publikum. Det er derimot nokre unntak som avgrensar denne retten. Dette gjeld materiale som er underlagt teieplikt jf. forvaltningslova § 13. Klausuleringstiden for teiepliktige opplysningar fell normalt bort etter 60 år. For barnevern- og adopsjonssaker er klausuleringstiden 100 år jf. forvaltningsforskriften § 10.

Ved innsyn i arkiv skapt før offentleglova av 1970 tredde i kraft må det påbereknast at sakshandsaminga kan ta ekstra tid. Klausulerte saker og dokument vart i tida før 1971 ikkje stempla eller merka med at dei var unntatt offentlegheita. Dette gjer at det kan vere tidkrevjande å skilje ut klausulert arkiv frå denne perioden.

Partsinnsyn

Alle har rett til innsyn i opplysningar om seg sjølv. Innsynsførespurnader i personregister – opplysningar om eigen oppvekst, skulegang eller helse – skal ikkje rettast til oss, men til kommunen der sakshandsaminga fann stad.

Forskningsføremål

Dersom ein ønskjer innsyn i klausulerte opplysningar i samband med forskingsføremål, må ein søke om dette. Du må sende ein søknad til det einskilde departement som avgjer om du får innsyn eller ikkje. Den som får innsyn frå departementet må underteikne ei taushetserklæring.

Lesesalen

Alle er velkomne til å besøke oss på lesesalen vår som vi deler med Bergen byarkiv. Vår besøksadresse er Kalfarveien 82 i Bergen. Lesesalen finn du i 2. etasje.

Fredag 20.november vedtok byrådet i Bergen å forlenge dei lokale koronatiltaka. For oss inneber dette at lesesalen vil vere stengt i dei neste to vekene. Vi beklagar ulempene dette medfører, og håpar at vi kan opne igjen snart.

 


Reglement for bruk av arkivmateriale på lesesalen

Arkivmateriale er uerstatteleg og du må difor vise varsemd når du skal bruke det. Hugs å:

  • Opne berre ein arkivboks eller pakke om gongen.
  • Pass på at dokumenta vert liggjande i rett rekkjefølge.
  • Aldri fjerne noko av innhaldet.
  • Bruk berre blyant når du skal notere noko og pass på at arkivsaker ikkje vert skriveunderlag. Det skal vere blyantar tilgjengeleg på bordet.
  • Ikkje sett blyantmerke i protokollane eller dokumenta eller lag brettar i dei.
  • Ikkje legg opne protokollar oppå kvarandre.
  • Du kan bruke eigen datamaskin på lesesalen.
  • Informer lesesalsvakta om du er ferdig med materialet eller vil sjå på det seinare når du går.