Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden
A A A

Nyhende

Her finn du IKA Hordaland sin formidlingskanal ut mot publikum og eigarkommunane. På sida vil vi legge ut informasjon, nyhende, gje eit innblikk i arbeidet vi gjer på IKA Hordaland og presentere smakebitar frå arkiva.

Den tyske invasjonen sett frå arkivet - møtebøker

Den tyske invasjonen sett frå arkivet

I dag minnast me 9. april 1940, dagen for den tyske invasjonen av Noreg. Det har gått 79 år sidan invasjonen, som i dag er blitt ein viktig merkedag som markerast over heile landet. Dei fleste kjennar nok til den store historia som blir formidla om 9. april, men det finnast også mindre kjente historier om invasjonen som me kan sjå spor etter i arkivet. 

Praksis i arbeidslivet - Theresa og Bengt

Praksis i arbeidslivet

I år har vi for fyrste gong studentar frå Universitetet i Bergen på praksisplass hjå oss. Dei tar emnet Praksis i arbeidslivet som skal gi studentar arbeidserfaring gjennom deltaking i arbeidsoppgåver som er knytt til deira faglege kompetanse. Faget er knytta til Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionvitenskap, og er eit 15 studiepoengs emne.

Prosjekt oppvekst i Askøy - arkiv

Prosjekt: Oppvekst i Askøy

Prosjektet for hausting av arkivmateriale frå oppvekst i Askøy kommune er no i gang. I løpet av januar 2019 har IKA Hordaland vore på synfaring hjå alle dei kommunale skulane i kommunen, inkludert vaksenopplæring og kulturskulen. Totalt kartla IKA Hordaland papirarkiva og dei elektroniske arkivsystema til 21 oppvekstsinstitusjonar i kommunen

Personvern i arkivtenesta

Personvern i arkivtenesta

Då den nye personopplysningslova trådde i kraft i juli 2018 blei dei registrertes rettar styrkt, og krava for dei som handsamar opplysningane skjerpa. Personvernsomgrepet refererer ikkje berre til vernet av freden til privatlivet og den enkeltes personlege integritet. Omgrepet inneber i stor grad òg vern av retten til einskildpersonar til å ha innverknad på bruk og spreiing av personopplysingar om seg sjølv. 

Tilsyn i Sund kommune

Tilsyn i Sund kommune

Fleire av våre kommunar har dei siste åra hatt tilsyn frå Arkivverket i samband med samanslåinga av kommunar fram mot 01.01.2020. Og torsdag 22. november var turen kome til Sund.

Ordning av papirarkiv med elektronisk journal

Kvar ligg proveniensen?

Saka som no er oppe til drøfting er kvar proveniensen ligg når papirarkiva er ordna etatsvis medan saksregisteret er under felles journal.

Prosjektstøtte til IKA Hordaland

Prosjektstøtte til IKA Hordaland

Kvart år deler Riksarkivaren ut prosjekt- og utviklingsmiddel til arkiv. I 2018 er midlane særleg prioritert for aktivitetar som er knytt til digital material og/eller til digital tilgjengeleggjering, tilrettelegging for synlegare, enklare og meir effektiv formidling og forsking, eit av krava var òg at prosjekta kjem mange til gode og fremjar samarbeid og heilskap, er nytenkjande og/eller tek i bruk ny teknologi.

Besøk på IKA Kongsberg - magasin

Besøk på IKA Kongsberg

På tysdag var Anita på besøk hjå IKA Kongsberg for å få nærare kunnskap om korleis dei jobbar med digitalisering av eigarane sine arkiv. IKA Kongsberg har fleire tenester knytt til digitalisering, til dømes digitaliserer dei møtebøker som publikum kan sjå nærare på, både på heimesida til IKA Kongsberg og på Digitalarkivet. Dei digitaliserer også store mengder byggesaksarkiv for eigarane sine.

Alfabetisering av arkivmapper på hylle

15 prosent reduksjon av hyllemetertalet

Vi arbeider med utgangspunkt i ei målsetjing om 15 % reduksjon av hyllemeteren i arkiva vi ordnar. Måltalet er ei avrekning av brutto hyllemeter vi hentar inn sett imot netto hyllemeter vi stiller opp ved avslutta ordningsprosjekt. Berekninga har opphav i eit gjennomsnitt for arkiva vi har henta inn og ordna dei seinare åra.

1 | 2 | 3 | 4 | 5 | 6 | 7 | 8 | 9 | 10
>