I arkivet etter Næringsmiddeltilsynet for Nordhordland og Gulen finst det ein eigen arkivserie som er kalla Tsjernobyl. Her kan ein fordjupe seg i ei rekke opplysningar om kva tiltak som vart gjort for å kartleggje og avgrense skadeomfanget i Noreg etter ulykka.

Ein rapport frå Statens institutt for strålehygiene datert 02.09.1986 syner at dei høgaste målingane av radioaktivitet i Noreg etter Tsjernobyl-ulykka vart funne i Oppland, Sogn og Fjordane, Nordland, Nord-Trøndelag og Sør-Trøndelag. I Hordaland sette dei i verk tiltak i kommunane Ulvik, Masfjorden, Eidfjord og Lindås. Hausten 1986 hadde næringsmiddelkontrolletatar over heile landet fått tildelt utstyr for måling av radioaktivitet. Det vart satt i verk målingar av radioaktivitet i storfe, sau, hest, vilt og ferskvassfisk. Kjøt med målingar over 600 Becquerel (Bq) per kilo kjøtt kunne ikkje godkjennast som slakt. Becquerel er eininga for aktivitet av eit radioaktivt stoff.

For å hindre at kjøt frå område med for høg radioaktivitet vart selt på marknaden delte Landbruksdepartementet Noreg inn i tre soner: frie soner, tiltakssoner og forbodssoner. I dei frie sonene gjekk slaktinga som normalt. Forbodssonene gjaldt dei områda der målingane synte eit innhald på over 2000 Bq per kilo kjøt. Her ville det ikkje bli sett inn tiltak for å få ned det radioaktive nivået fordi kjøtet likevel måtte kasserast. For å gjere dette på ein forsvarleg måte skulle slaktinga gå føre seg som normalt. I tiltakssonene kunne produsentane velje om dei ville følgje opplegget for forbodssonen eller om dei ville følgje retningslinene for fòring slik at radioaktiviteten i kjøtet ville gå ned. Då kunne dyra på eit seinare tidspunkt godkjennast som slakt.    

Landbruksdepartementet vedtok at produsentane ikkje skulle lide økonomiske tap som følgje av Tsjernobyl-ulykka. Produsentar som følgde tiltaksplanar for å redusere nivået av radioaktivitet i kjøttet fekk utbetalt kompensasjon som skulle dekke ekstraordinære fòrkostnader og meirarbeid. For sauehaldarar innebar dette ei utbetaling på 4 kronar per sau per dag dei utsette slaktinga. Eit anna tiltak som vart sett i kraft for å avgrense skadeomfanget av Tsjernobyl-ulykka var nye vilkår for import av kjøt. Eit rundskriv frå Landbruksdepartementet til offentlege kjøttkontrollørar informerte om at alle innførselstillatingar for kjøt av storfe, småfe og vilt frå Sverige, Finland og Jugoslavia skulle trekkast frå og med 1. september 1986. Etter denne datoen stilte dei krav om at importert kjøt måtte ha målingar under 600 Bq per kilo.  

Dette er berre nokon av opplysningane om konsekvensane av Tsjernobyl-ulykka som er å finne i arkivet etter Næringsmiddeltilsynet for Nordhordland og Gulen. Arkivet kan de sjå på Arkivportalen.no her.