I eit skriv datert 7. mai 1986 frå Sund kulturkontor ble påverknaden frå media og stor tilflytting frå Bergen trekt fram som viktige årsaker til at dialekta på Sotra var i endring. I frykt for at «saftige og klangrike ord og uttrykk» skulle gå tapt oppfordra kulturkontoret folk til å sende inn sine bidrag med særeigne dialektord frå Sotra. Initiativet kom frå Bjørn Tore Aasheim som allereie hadde starta arbeidet med å samle inn ord og uttrykk. I samme arkiveske finn vi også ei oversikt over stadnamn i Sund. Stadnamna er lista opp alfabetisk og til høgre ser vi korleis dei skal uttalast. Heile 7458 stadnamn vart registrert frå Sund kommune.

Arkivet etter Sund kulturkontor kan de sjå på Arkivportalen.no her