Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Nyhende

Her finn du IKA Hordaland sin formidlingskanal ut mot publikum og eigarkommunane. På sida vil vi legge ut informasjon, nyhende, gje eit innblikk i arbeidet vi gjer på IKA Hordaland samt presentere smakebitar frå arkiva.

Framhaldsskulen

Framhaldsskulen

Skulearkiv er eit av dei mange ulike typane arkiv me tek vare på i magasina våre. Nokre av dei eldste skulearkiva er dei etter framhaldsskulane, kalla «fortsettelseskule» før 1946. Framhaldsskulane vaks fram mot slutten av 1800-talet og utover byrjinga av 1900-talet. Saman med realskulen var dei ein forgjengar for det som skulle bli den niårige grunnskulen.

Forside

Tsjernobyl-ulykka

TV-serien «Chernobyl» vart raskt ein suksess etter å ha vorte sendt på strøymetenesta HBO denne våren. Serien tek utgangspunkt i kjernekraftulykka som hende natt til 26. april 1986. Tsjernobyl-ulykka er framleis den verste kjernekraftulykka verda har sett, og førte til at store mengder radioaktive stoff vart slopne ut i atmosfæren. Vind frakta stoffa til landområde også utanfor Ukraina. Berre to dagar etter dei dramatiske hendingane i Tsjernobyl synte målingar auka radioaktivitet i Noreg.

Stadnamn

Dialekt og stadnamn frå Sund

Dialektane våre er i stadig endring. Måten vi snakkar på blir påverka av og endrar seg i takt med samfunnet. Nye ord og uttrykk ser dagens lys, medan andre viskes ut og forsvinn.

Digitaliseringsprosjekt - Anita og Jørn

Pilot: Digitaliseringsprosjekt

Nye Øygarden kommune oppretta i år eit prosjekt for å digitalisere dei «gamle» kommunane, Fjell, Sund og Øygarden, sine eldre byggesaksarkiv.

Tubfirm

Frimerke i arkiva

Når vi ryddar og ordnar gamle arkiv finn vi ofte ting som har historisk verdi, men som likevel ikkje er arkivverdige. Blant dette er det store mengder frimerke som kan få ein ny verdi ved at dei vert send til Tubfrim.

Den tyske invasjonen sett frå arkivet - møtebøker

Den tyske invasjonen sett frå arkivet

I dag minnast me 9. april 1940, dagen for den tyske invasjonen av Noreg. Det har gått 79 år sidan invasjonen, som i dag er blitt ein viktig merkedag som markerast over heile landet. Dei fleste kjennar nok til den store historia som blir formidla om 9. april, men det finnast også mindre kjente historier om invasjonen som me kan sjå spor etter i arkivet. 

Praksis i arbeidslivet - Theresa og Bengt

Praksis i arbeidslivet

I år har vi for fyrste gong studentar frå Universitetet i Bergen på praksisplass hjå oss. Dei tar emnet Praksis i arbeidslivet som skal gi studentar arbeidserfaring gjennom deltaking i arbeidsoppgåver som er knytt til deira faglege kompetanse. Faget er knytta til Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionvitenskap, og er eit 15 studiepoengs emne.

Prosjekt oppvekst i Askøy - arkiv

Prosjekt: Oppvekst i Askøy

Prosjektet for hausting av arkivmateriale frå oppvekst i Askøy kommune er no i gang. I løpet av januar 2019 har IKA Hordaland vore på synfaring hjå alle dei kommunale skulane i kommunen, inkludert vaksenopplæring og kulturskulen. Totalt kartla IKA Hordaland papirarkiva og dei elektroniske arkivsystema til 21 oppvekstsinstitusjonar i kommunen

Personvern i arkivtenesta

Personvern i arkivtenesta

Då den nye personopplysningslova trådde i kraft i juli 2018 blei dei registrertes rettar styrkt, og krava for dei som handsamar opplysningane skjerpa. Personvernsomgrepet refererer ikkje berre til vernet av freden til privatlivet og den enkeltes personlege integritet. Omgrepet inneber i stor grad òg vern av retten til einskildpersonar til å ha innverknad på bruk og spreiing av personopplysingar om seg sjølv. 

>