Tenestetilbodet er utvikla i samarbeid med dei andre kommunale arkivinstitusjonane, deira digitale ressurssenter (KDRS), Arkivverket og Nasjonalbiblioteket. Løysinga er ei felles løysing som vert nytta av over 280 kommunar og utgjer ei betydeleg oppgradering av tenesta vår for elektronisk depot som vart etablert i 2005.
Føremålet med denne avtalen er å regulere pliktene og rettane kring overføring av arkiv til digitalt sikringsmagasin (DSM) og tilhøyrande driftstenester som føl av arkivlova, forskrift om offentlege arkiv og forskrift om utfyllande tekniske og arkivfaglege føresegner kring behandling av offentlege arkiv.
I avtalen vil kommunen behalde eigarskap og ansvar for elektroniske system som blir deponert i løysinga medan IKA Hordaland er ansvarleg for forvaltning av tenesta og kontakt med KDRS. Vi vil òg bistå med rådgjeving og støtte.
Dei av kommunane våre som ynsker å kome i gang med tenesta kan sende ein førespurnad til postmottaket vårt.
Lær meir om KDRS produksjonslinje her.