Korta inneheld oppgåver over husstandane sine medlemmer med opplysningar om namn, fødelsdato, stilling i heimen og yrke.  

Husstandskort for Manger og Meland vart publisert før jul 2019, medan Fusa vart lagt ut i januar/februar 2020. Arbeidet med å transkribere byrja kort tid etter koronautbrotet og var eit av tiltaka vi sette i verk for å leggje til rette for heimekontor for våre tilsette.

Husstandskort og folketeljingar er ei god kjelde for deg som ynskjer å finne opplysningar om eiga slekt. Etter kvart som folketeljingar blir digitalisert og transkribert er det enklare å spore slekta si gjennom tidene.

Både i den statlege folketeljinga 1910 for Alversund herred og i husstandskorta for Meland frå 1917 finn vi Vilhelm Olsen født 15. juni 1888. I folketelljnga 1910 var han busett på Dale nedre, jobba som skomakarsvein og var gift med Anna Johnsdatter. Dei hadde ein son saman. Frå husstandskortet for Meland frå 1917 kan vi sjå at Vilhelm no var bosatt på Frækhaug. Her budde han saman med kona si og tre barn og arbeidde som skomakar.

Fram til 1923 eksisterte det ikkje eit regelverk for personnamn i Noreg. I nokre tilfelle vart farsnamn brukt, andre gongar gardsnamn eller yrke. For dei som arbeidde på gard kunne etternamnet ofte endre seg etter kva for gard dei budde på. Dette kan by på utfordingar i slektsforskningsarbeidet, men i tilfellet med Vilhelm Olsen peiker både etternamn, fødselsdato og yrke på at dette er ein og same person.