I desse koronatider har me som er så heldige å vere praksisstudentar ved IKA Hordaland fått tid til å gå på skattejakt i arkivet. Nede i fjellet i den gamle «Hansaparken», der arkivet ligg, finn ein titusenvis av hyllemeter med arkivmateriale. Ved sida av IKA Hordaland sitt arbeid med å arkivere og ordne arkivmateriale frå kommunar i Vestland Sør, vert det også henta inn private arkiv. Eit slik privatarkiv var me praksisstudentar så heldige å få vere med på å hente og organisere. Arkivet var på kommunehuset i Øygarden (tidlegare Fjell kommune). Det hadde i ei årrekkje vorte henta inn og teke vare på av ei lokal eldsjel og lokalhistorikar Halvor Skurtveit i Øygarden, som noko sørgmodig overlèt arkivet til IKA Hordaland.

Blant dette arkivmaterialet fann ein blant anna ein haug med brev, dokument, brosjyrar og aviser tilhøyrande eit bedehus i Fjell, som har vorte teke vare på opp gjennom åra. Som ein hovudregel kan ein seie at aviser og liknande materiale vert arkiverte og tilgjengeleggjort av institusjonar som til dømes Nasjonalbiblioteket, og ikkje av institusjonar som IKA Hordaland. Men avisene i nettopp dette privatarkivet såg me likevel som relevante å ta vare på, blant anna ettersom dei er med på å attskape noko av den originale heilskapen av materialet som dette bedehuset har samla på opp gjennom åra. Difor meinte me at avisene ville ha ein betydeleg verdi for privatarkivet dei tilhøyrde.

Dagen Kristelig Dagblad

Eit nummer av avisa Dagen Kristelig Dagblad frå laurdag 21. desember 1935 var blant anna å finne i dette arkivmaterialet. Avisa gir oss eit fint innblikk i kva som kan ha oppteke opplyste og nyhendesvoltne strilar ein laurdag for dryge 85 år sidan. 1930-talet var som kjend ei dramatisk tid, og det er difor ikkje berre lystige nyhende dei bedehusgåande innbyggjarane i Fjell fekk servert i dette nummeret av Dagen Kristelig Dagblad. Utgåve av Dagen Kristelig Dagblad frå 21.12.1935 «England får tilsagn om støtte i Middelhavet: Facistrådet står fast overfor sanksjonslandenes villfarelser og selvmotsigelse»

Overskriftene som møtte Fjell sitt Dagen-lesande publikum ein laurdag i 1935, må nok ein gong ha vekt uro i eit elles fredeleg lite bygdesamfunn i ein idyllisk øykommune utanfor Bergen. Fascismen var på frammarsj i Europa, og Dagenformidla etter beste evne den dramatiske utviklinga på kontinentet. Artikkelen omhandlar i korte trekk Mussolini sin stadig meir aggressive frammarsj i Middelhavet og Aust-Afrika, og korleis dette bekymra naboland som Jugoslavia, Tyrkia, Romania og Hellas. Nyhendet er også ubehageleg for lesarar i dag, ettersom me veit så alt for godt korleis ein brutal verdskrig skulle bryte ut berre fire år etter at denne artikkelen vart skriven.

Julestemning

Det var heldigvis ikkje berre elende å lese i Dagen Kristelig Dagblad. Laurdag 21. desember 1935 nærma det seg jul. Under den pirrande overskrifta «Romantisk julestemning og realistisk kristendom» kunne lesarar som var i tvil om korleis jula burde feirast lese at «Den bestemåten å feire jul på er at hver enkelt av oss gjør vårt til å fylle motsetningene mellom den romantiske, merkantile julestemning og den realistiske kristendom». Då var i det minste dette spørsmålet oppklåra for Dagen Kristelig Dagblad sine lesarar ved inngangen til den sikkert nok så travle julestria i 1935. Teksten tek utgangspunkt i ein rik arbeidsgjevar som fylte jula med materielle gode som blant anna gåver, utan å hugse kristne dygder som nestekjærleik. Ein kan tenkje seg at denne skribenten var inspirert av novella En Julefortelling av ein viss folkekjær britisk forfattar ved namn Charles Dickens. Uansett ynskja Dagen Kristelig Dagblad sine mange lesarar ute på strilelandet ei riktig god og kristen jul. 

Arkivet sin verdi

Aviser som Dagen Kristelig Dagblad, og svært mange andre publikasjonar, kan i dag fritt lesast på Nasjonalbiblioteket sine heimesider. Kvifor skal då IKA Hordaland bruke hyllemeter på å ta vare på akkurat denne avisa? Eg vil påstå at det har ein eigenverdi at dette nummeret av avisa no også er å finne i eit privatarkiv frå Fjell. Det er sjølvsagt vanskeleg å spå framtida. Ein kan likevel tenkje seg at framtida, så vel som samtida, sine historikarar og eit historieinteresserte publikum kan ha interesse av at Dagen Kristelig Dagblad har vorte teke vare på i dette arkivet frå Fjell kommune. Arkivet frå bedehuset i Fjell vart arkivert i sin heilskap. Det gir difor publikum ein unik moglegheit til å få innsikt i kva slags trykksaker eit bedehus i Midthordland las på 1900-talet. Avisa vert dermed sat inn i delar av ein større historisk kontekst, i dette tilfellet ein bedehuskultur på ein bestemt stad i ei bestemt tid. Dagen Kristelig Dagblad var ein del av vanlege menneske sin bedehuskultur og deira mediekonsum i Fjell anno 1935. Arkiv av denne typen er dermed med på å historisere gjenstandar gjennom å setje dei inn i ein bestemt kontekst.