Stilane seier sjølvsagt mykje om kva samfunnet forventa at elevane skulle legg vekt på, då dei tydelig er bygd opp på ein bestemt måte. Dei er ofte patriotiske og teiknar klare bilete av kva som er rett og galt. Men det at kommunane har bevart desse oppgåvene gjev oss i dag også eit unikt innblikk i fredsdagen og opplevingar frå okkupasjonen, sett med borneblikk. Slik startar ein gut frå Bruvik si oppgåve; «Me hadde gått lenge og venta på at freden skulle koma. Likevel kom han uventa på oss»

 

Den sårt sakna radioen​

Mange born skriv at dei skjønte at noko var i gjere, då dei vaksne gjekk for å hente radioane sine. I 1941 krev okkupasjonsmakta at alle skulle levere inn sine radioar. Sjølv om mange hadde radioar eller høyrde på sendingar i skjul, leverte dei fleste inn sine radioar. Desse vart ofte oppbevart på samfunnshus eller andre offentlege lokale. Mange var difor raskt ute med å hente sine radioar, då rykte om freden i Europa kom. Dette var noko borna hadde lagt merke til, ikkje berre at ein no fekk radioen tilbake, men at dette også vart ei informasjonskjelde og samlingspunkt i desse dagane.

 «(…) Då me fekk frikvarter, såg me folk fôr i bedehuset og skulle henta radioapparata sine. (…) Alle var så smilande då dei kom utatt. (…) Då me kom inntatt, las læraren ei stund til oss, men me hadde ikkje godt for å fylja med. Så me fekk gå heimatt»

«(…) kronprins Olav tala frå London. Då var vi inne og høyrde på. Du så gildt det var å høyra radio, etter gamalt! Alle sat dørgende still og liksom sluka kvart ord som vart sagt. (….)»

«(…) Det var ein nordmann i England som snakte etterpå. Han sa at Noreg no var fritt att. Ein kunne nesten ikkje få seg til å tru det. Det var så altfor godt til å vera sant (….)»

«Klokka 7 skulle me høyra nyheitene. Det sat fullt med folk i stova. Alle venta på at dei skulle melda at krigen var slutt» (…)

«No kan me fritt setja oss burt til radioen og høyra på nyheitna og mykje anna.»

 

«Gratulera med freden»

Mange av stilane er prega av patriotiske skildringar og kor glade alle vart for freden, etter «fem lange år» med okkupasjon. Borna skildrar korleis ein pyntar bygda og steller i stand til fest, med det norske flagg, nasjonaldrakter og songar som skulle bygge nasjonale kjensler. 

«Det var så fint å sjå det norske flagget kor det glittra i solskinnet»

«(….) vart me så glade at me laut ropa hurra(…). Mor sa at det måtte vera noko ekstra i dag, og me fekk kaker og brus og anna godt»

«Det var ikkje vanskleg å sjå at det var andre tider. Folk jubla av fryd og gleda»

«Slik ven klang som det var i kyrkjeklokkene den dagen har eg aldri høyrt, før eller sidan»

«Det føltes så underleg å vera fri. Kvar ein kom, var det berre smilande andlet å sjå, som ynskte tillukka med freden»

«Eg hadde aldri sett bygda så fin som i dag. Det var så mykje nasjonalkledde folk. (…) Eg hadde aldri i mitt liv opplevt ein så stor dag.

 

«Det lyste så fint»

Eit symbol på okkupasjonstida var blendingsgardinene. Okkupasjonsmakta ga påbod om dette og folk måtte passe godt på, også ute på bygdene, at lys ikkje seiv ut i mørket frå hus, fjøs, bilar og båtar. Det vil si at alle måtte bruke blendingsgardiner, desse var ofte i dårleg kvalitet og var av dei fleste hata. Ei av hendingane på fredsdagen som mange av borna nemner i stilane sin er difor brenning av blendingsgardinene. Dei skildrar store bål av brennande blendingsgardiner og kor fint det lyste i natta. 

«Då gjekk me ut og tende til sværa bål med blendingsgardiner(…) Då eg hadde lagt meg, såg eg at det vart så ljost inne, og eg gjekk bort i glaset (….)»

 

Ein lang dag

Dei fleste borna legg vekt på gleda denne dagen. Det var prosesjon, fest, song, bål og gjensyn med det norsk flagget  og ikkje minst radioen. Dei fortel om fellesskapet og den fine vårdagen. Mange av stilane avsluttar med at dei går lukkelege til sengs, etter fyrste dag i eit fritt Noreg. Ei jente frå Fusa avsluttar stilen sin slik; «Då eg hadde lagt meg om kvelden, låg eg lenge og tenkte. Endeleg var då freden komen, og det var eg viss på, at desse dagane kom eg aldri til å gløyme!»