Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden
A A A

Nyhende

Her finn du IKA Hordaland sin formidlingskanal ut mot publikum og eigarkommunane. På sida vil vi legge ut informasjon, nyhende, gje eit innblikk i arbeidet vi gjer på IKA Hordaland og presentere smakebitar frå arkiva.

Illustrasjonsbilete

Høyring om arkivforskrift og bevaringsforskrift

Hausten 2025 har Kultur- og likestillingsdepartementet sendt ut forslag til ny arkivforskrift på høyring. Det same har Riksarkivaren gjort med ny bevaringsforskrift. 

Vi har sendt inn høyringsfråsegn til dei nye forskriftene på vegne av våre eigarkommunar.

Hardangerfjord hotell

Kontaktkonferansen 2025

I år arrangerer vi kontaktkonferansen på fantastiske Hardangerfjord hotell. Vi gler oss stort til å møtast i Øystese 20. og 21. oktober 2025. 

"Venner

Vi har teke i bruk Digitalarkivet foto

06.01.2026 publiserte vi dei fyrste bileta på Digitalarkivet foto. 

Aller fyrst for tur står fotosamlinga etter Radøy bygdeboknemnd, som var komiteen bak det omfattande bygdebokverket Radøy gjennom tidene.

Fotosamlinga består av kring 5000 fotografi som har vorte samla inn frå heile gamle Radøy kommune. Bileta syner ei rik og variert historie om alt frå menneska som bur og budde i kommunen, kva dei heldt på med på fritida, korleis dei arbeidde i det gamle jordbrukssamfunnet, natur, bygningar og mykje meir. Fotografia er teke frå slutten av 1800-talet og fram til tidleg 2000-tal.

Vi held på å publsiere fotografia til Digitalarkivet, og fleire kjem til kvar einaste dag. 
 

null

Årsrapport for 2024

I årsrapporten finn du informasjon om korleis våre tilsette arbeider i fellesskap for å levere gode arkivtenester, korleis vi samarbeider med andre og kva vi gjer for å forbetre og utvikle løysingar som tener våre eigarkommunar og deira innbyggjarar. 

Vi er stolte over arbeidet vi har levert og vil hermed rette ei takk til våre dyktige medarbeidarar, gode kollegaer, eigarkommunar og samarbeidspartar for innsatsen i 2024. Årsrapporten finn du HER

490979601_1719669578930013_3719111328510066094_n

Praksis hos IKA Hordaland

De siste årene har Universitetet i Bergen (UiB) og flere arbeidsplasser deltatt i AHKR201, også kalt Praksis i arbeidslivet. Dette emnet gir studenter muligheten til å ha praksis i fagrelevante arbeidsfelt. Praksisen omfatter 200 timer hos en bedrift eller institusjon som deltar i faget, og gir verdifull arbeidserfaring å bygge videre på. I år var jeg en av de heldige studentene som fikk delta – og min praksisplass var ved Interkommunalt arkiv Hordaland (IKA Hordaland).

474217634_1540891546627306_3249728200993060419_n

Arkivplanverkstader 2025

Alle kommunar er pålagde å ha ein oppdatert og dekkande arkivplan som reflekterer korleis arkivhaldet blir utført i kommunen. Likevel avdekkjer tilsyn frå Arkivverket at manglar og behov for utbetringar i arkivplanar framleis er eit gjennomgåande problem.

1 | 2 | 3 | 4 | 5 | 6 | 7 | 8 | 9 | 10 |
>