Stord Hotell tilbyr moderne fasilitetar og ein hyggeleg atmosfære, perfekt for både fagleg påfyll og avslapping i Vikjo Bad. Sentrale tema som vil bli tatt opp på konferansen er mellom anna digitalisering, kunstig intelligens, erfaringsutveksling samt tilgjengeleggjering og openheit. 

 

På dag 1 av konferansen vil vi opne for registrering og kaffe kl. 10 og opning av konferansen kl. 11. Programmet vil vare til om lag kl. 17.

På dag 2 av konferansen startar vi kl. 09. Programmet vil vare til om lag kl. 14:30.

 

Årets program inneheld mellom anna:

 

Fulltekstpublisering - Erfaringsdeling frå Asker og Lillestrøm kommunar

Asker kommune og Lillestrøm kommune har begge hatt utfordringar knytt til fulltekstpublisering og har fått bøter frå Datatilsynet. Kvifor har dei valt sine respektive løysnigar?

Ved Synnøve Standal, seksjonssjef for dokumentasjonssenteret i Lillestrøm kommune og Patrick Emilsson, avdelingsleiar for arkiv og informasjonsforvaltning i Asker kommune

 

Funksjonsbasert klassifikasjon

KF har utvikla ein ny funksjonsbasert arkivnøkkel, og vil presentere denne. Korleis kan funksjonsbasert klassifikasjon effektivisere arkivarbeidet?

Ved KF – Forenkler offentlige tjenester (tidl. Kommuneforlaget)

 

Erfaringar ved bruk av Documaster som arkivkjerne

I fjor tok 11 kommunar i Nordhordlandssamarbeidet i bruk Elements som saksbehandlingsverktøy og Documaster som arkivkjerne. Korleis har dette endra måten dei jobbar på, og kva erfaringar har dei gjort seg?

Ved Kristian Strømme, rådgjevar ved IKA Hordaland og Digitalisering og innovasjon Nordhordland og Hilde Kristine Bøe, rådgjevar ved Digitalisering og innovasjon Nordhordland

 

Kompetansebehov i arkivsektoren

Arkivsektoren står midt i ei utvikling der det blir stilt krav til nye ferdigheiter og kompetanse, samstundes som ein ser at det er vanskeleg å rekruttere arbeidskraft. Kva for kompetanse trengs, og korleis skal ein sikre denne?

Ved Hilde Lange, universitetslektor ved OsloMet

 

Effektive digitale verktøy

Rogaland fylkeskommune har tatt i bruk fleire digitale verktøy for å effektivisere arbeidskvardagen, både Robotic Process Automation (RPA) til daglege driftsoppgåver og kunstig intelligens til strukturering av data. Kva verdi har dei sett til nå?

Ved Knut Albert Gjerdrem Auestad, fagleiar for avdeling for organisasjon og digitalisering i Rogaland fylkeskommune

 

Bruk av arkiva

Kulturarven er nå digitisert og tilgjengeleg på Digitalarkivet. Korleis vert arkiva brukt i arbeidet med bygdebøker, og kva verdi har dei som historisk kjelde?

Ved Frode Fyllingsnes, bygdebokforfattar

 

Bevaring og kassasjon av mors-arkiv

Riksarkivarens forskrift opnar for kassasjon av mors etter mellom anna kommunal pleie- og omsorgsteneste. Kva utfordringar byr det på?

Ved IKA Hordaland og Lars Næs, arkivleiar i Kvinnherad kommune

 

Orienteringar frå IKA Hordaland

Vi vil orientere om mellom anna innsyn og tilgjengeleggjering, mediekonvertering, fotoarkiv, depotsituasjonen, Arkivråd Vestland, med meir.

 

For eigarkommunane våre har me følgjande pakker:

  • Deltaking båe dagar med overnatting, inkl. lunsj og middag (4200,-)
  • Deltaking båe dagar utan overnatting, inkl. lunsj og middag (3450,-)
  • Deltaking båe dagar utan overnatting, inkl. lunsj (2650,-)
  • Deltaking dag 1, inkl. lunsj (1600,-)
  • Deltaking dag 2, inkl. lunsj (1600,-)

Her kan du melde deg på konferansen. Siste moglegheit for å melde seg på konferansen er 12. september. 

Vi gjer merksam på at det er bindande påmelding. Om du må melde fråfall, er det mogleg å la ein annan frå organisasjonen delta i din stad.