Onsdag 11. oktober kl. 10.00-12.00 inviterer vi ulike aktørar som jobbar med digitalisering til ei kunnskaps- og erfaringsutveksling. Webinaret vil ha framtidsutvikling på feltet som hovudtema. Kva for slags moglegheiter og utfordringar vil vi møte på, kva skjer med tanke på standardisering av krav, metodikk og rutinar og korleis tenkjer ulike organisasjonar om dette.
Til webinaret har vi invitert:
- Bjørn Sivertsen, rådgjevar, Arkivverket (Mo i Rana), Brukerkanaler/Kunde-team DA
- Mats Nylund, massedigitalisering seksjonsleiar, Nasjonalbiblioteket, Mo i Rana
- Ottar A.B. Anderson, leiar SEDAK, Head of photography and Image Services, Fylkessenter for Digitalisering av Kulturarven Interkommunalt Arkiv for Møre og Romsdal IKS
Send oss ein e-post til post@ikah.no viss du ønskjer å delta på webinaret.