I samarbeid med NETTOPPlæring inviterer vi til nettkurs i K-koder. Kurset gir deg ei innføring i reglar og bruk av kodene, trening i å velje gode koder og forståing av kva K-koder er og kva slags nytteverdi dei har for deg og din verksemd.

Kurset er delt opp i fleire tema:

  • Bli kjent med K-koder (E-arkiv og K-koder, og K-koder og arbeidsprosessar)
  • Fellesklassene – bruk av koder og øvingar
  • Fagklassene – bruk av koder og øvingar
  • Korleis sette saman koder
  • Unntak, tips og info

Kurset har oppstart 1. mars. Deretter har du 6 månadar på deg til å fullføre kurset. Vi reknar at du vil bruke om lag 4 – 10 timar på å gjennomføre kurset. Du vil ha tilgang til rettleiing under heile kurset.  Etter fullført kurs vil du få eit kursbevis. Nettkurset passar for sakshandsamarar, leiarar og arkivarar som nytter K-koder.

Kurset kostar 1000 kr per deltakar. Til kurset anbefaler vi at du har eit eksemplar av heftet «K-koder – Kommunes arkivnøkkel» tilgjengeleg. Har du ikkje dette kan du bestille kursutgåva for 2020-2023 frå NETTOPPlæring for 559 kr når du melder deg på kurset. 

Du kan melde deg på kurset her. Vi gjer merksam på at påmeldinga er bindande.