Onsdag 10. mai kl. 09.00 – 15.30 inviterer vi til kurs om rett til innsyn. Her vil advokat Kurt O. Bjørnnes gi ei grundig og systematisert oversikt over dei viktigaste reglane som kan komme til bruk når det blir bedt om innsyn. 

Målet med kurset er å auke kunnskapen om regelverka på området, for slik å kunne lette sakshandsaminga. Reglane vil bli gjennomgått på ein praktisk måte med bruk av mange eksemplar. 

Kurset vil ta føre seg følgjande tema: 

  • Parten har etter forvaltningslova rett til innsyn i eigen sak. 
  • Alle har rett til innsyn etter offentleglova.
  • Den registrerte har rett til innsyn etter personopplysningslova (GDPR).
  • Pasienten har rett til innsyn i eigen journal. 
  • Folkevalde i kommunar og fylkeskommunar har rett til innsyn i kommunale og fylkeskommunale dokument. 

Pris er 1750 kr for eigarkommunane våre, og 2800 kr for andre. Vi gjer merksam på at påmelding er bindande. 

Kurset vil finne stad på Litteraturhuset i Bergen, møterom Alver. Det er avgrensa med plassar, og vi tilrår å vere tidleg ute med påmeldinga. Her kan du melde deg på kurset. Kurset er fullteikna. Ønsker du å stå på venteliste kan du sende ein e-post til post@ikah.no.