I sumar har me vorte ferdige med å ordne elevarkivet etter skulane i Askøy kommune t.o.m. 2015. I tillegg har me ordna personarkiva etter barnehagane og logopedtenesta på Askøy. Til saman har me registrert 12.753 personmapper for desse einingane. Av desse var det flest elevmapper, nemleg 10.133 mapper fordelt på 20 ulike skular. Nokre elevar har meir enn ei mappe, difor er det ikkje like mange registrerte elevar som talet på mapper. Andre elevar har ikkje mappe i det heile teke, desse kan finne seg sjølve til dømes i klasselister eller i fråværsdagbøker.

Den totale mengda arkiv for prosjektet vart kartlagd til 276 hyllemeter, inkludert dei 28 hyllemetra som allereie var deponert til IKA Hordaland. Blant desse metra kan ein i tillegg finne saksarkiva til dei einskilde skulane, post, fråværs- og karakterdokumentasjon, historisk materiale, informasjon om skulebygga og møtebøker frå møteverksemda til skulane.

Arbeidet byrja mot juletider 2018. Då planla me prosjektet for arkiv knytt til oppvekstavdelingane i Askøy kommune. Prosjektet er eit samarbeid mellom Askøy kommune og IKA Hordaland om synfaring, hausting, ordning og registrering av desse kommunale arkiva. Planlegginga av prosjektet og synfaringane hjå dei ytre einingane resulterte i ein kartleggingsrapport som gjorde det vidare prosjektarbeidet lettare. Rapporten finn du her.

Klikk på koplingane under for å finne ei oversikt over kva arkivmateriale som er registrert ved kvar skule og barnehage fra Askøy kommune. Etter lov om behandling av personopplysningar legg me ikkje ut namn på Arkivportalen.no.

Skulekontoret/fagavdeling skole Fagavdeling barnehage
Davanger skole Ask barnehage
Erdal barneskole Bakarvågen barnehage
Erdal ungdomsskole Erdal barnehage
Fauskanger barne- og ungdomsskole Follese barnehage
Florvåg skole Florvåg barnehage
Florvåg ungdomsskole Furuly barnehage
Follese skole Hanøy - forum barnehage
Furuly skole Kleppestø barnehage
Hanevik skole Ramsøy barnehage
Hanøy skole Træet barnehage
Haugland skole Tveit barnehage 
Hetlevik skole  
Hop skole  
Kleppe skole  
Kleppestø barneskole  
Kleppestø ungdomsskole  
Ravnanger ungdomsskole  
Strussham skole  
Træet skole  
Tveit skole