Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Fattigvesenet

Fattigstyret

Å sørgje for dei fattige har i lang tid vore ei viktig oppgåve for kommunane. Arkivmaterialet etter fattigstyra er særs mangfaldige og ei rik kjelde til informasjon for slektsgranskarar. I arkiva etter fattigstyra finn vi blant anna oversyn over understøtta, heimstavnsforklaringar og diverse korrespondanse vedkomande klientar. 

Fattiggardar

Utover 1800-talet vaks nye og meir spesialiserte organ og institusjonar under fattigvesenet fram. Fattiglovene av 1845 ga kommunane heimel til å opprette tvangsarbeidshus og redningsanstaltar. Dette var lenge eit byfenomen, men utover hundreåret byrja også landkommunar å etablere fattighus. I enkelte bygder kjøpte fattigvesenet eigne gardar som vart brukt som oppbevaringsanstaltar for fattige. Desse vart gjerne kalla fattiggardar eller kommunegardar. Her budde dei som då vart betrakta sinnsjuke, åndssvake, alkoholikarar, lausgjengarar, vanføre, foreldrelause born og eldre.

1
>