Stor overformyndarrulle for Fjære tinglags overformynderi 1859-1877 (002)
Sveio kommune. Overformynderiet, F/Fa/L0001: Stor overformyndarrulle for Fjære tinglags overformynderi, 1859-1877

Overformynderi har lange tradisjonar i Noreg. Christian IV skipa det fyrste overformynderiet allereie i 1619 , men det gjaldt berre for dei store byane og kjøpstadene. Oppgåvane vedrørande overformynderi i byane var lagt til Magistraten. Det var først i 1770-åra at overformynderia vart etablert på landet, med ansvaret delegert til Sorenskrivaren. Sjølv om ansvaret for overformynderia i byane vart kommunalt i 1837, var det først gjennom ei lovendring i 1857 at ansvaret for overformynderia på landet vart lagt til kommunane.

Gjennom åra har det vore få omskifte i overformynderiet sine hovudoppgåver. Dei største endringane var knytt til myndlingane sin myndigheitsalder, som før 1969 var 21 år og 20 år i perioden 1969 – 1979. I dag er myndigheitsalderen 18 år. Det har også vore nokre endringar i reglane om kva som er minstebeløpet for at overformynderiet skal gripe inn. 

I 2010 kom det ei ny vergemålslov, som tredde i kraft i 2013. Lovendringa førte til at Fylkesmannen vart ny lokal vergemålsmyndigheit, ei markering av at kommunane sitt ansvar for overformynderiet var over – 154 år etter dei fekk oppgåva. 

Overformynderiet sine oppgåver

Hovudoppgåvene til overformynderiet har vore å forvaltene midla til myndlingane, og kontrollere verjer og rekneskapa deira. Dei skal ha tilsyn med verjer og hjelpeverjer, og syte for at forvaltninga av myndlingane sine verdiar skjer på ein forsvaleg måte. Den vanlegaste årsaka til at folk er myndlingar er alder, men sjukdom eller nedsatt funksjonsevne er heller ikkje uvanleg. [1]

Kva opplysningar finn ein i arkiva?

I arkivet etter overformynderiet finn ein i hovudsak møtebøker, kopibøker, journalar og det som kallast «ruller». Rullene er rekneskapsbøker, som overformyndaren brukte til å føre inn aktiva per myndling. Det er viktig å merke seg at rullene etter 1863 vart delte i store overformyndarruller og mindre overformyndarruller (med mange namnevariantar). Skilnaden på desse er storleiken på verdiane til myndlingen. Mindre verdiar vart ført i mindre overformyndarruller og større verdier vart ført i store overformynderruller. [2]

Det er i rullene ein slektsgranskar finn dei mest interessante opplysningane. Rullene inneheld informasjon om namnet og fødselsdatoen til myndlingen, når og korleis myndlingen fekk verdiane og beløpet det er snakk om. I tillegg er det opplyst kven som var oppnemnt som verje, når verja fekk overlevert verdiane, kvar dei er bevart og om dei er anvendt på nokon måte. Dei økonomiske opplysningane gjev eit interessant innsyn i arv og formue ein sjeldan finn i andre kjelder.

Kvar finn eg det digitaliserte arkivmaterialet?

På digitalarkivet.no finn du ein rekke protokoller frå arkivet etter overformynderiet for åra før 1920. Ønskjer du å lese i desse kjeldene kan du trykke på lenkene nedanfor:

Overformyndarruller frå Fjelberg kommune

Overformyndarruller frå Sveio kommune

Overformyndarruller frå Finnås kommune

Overformyndarruller frå Tysnes kommune

Overformyndarruller frå Evanger kommune

Overformyndarruller frå Fusa kommune

Overformyndarruller frå Hosanger kommune

Overformyndarruller frå Hamre kommune

Overformyndarruller frå Manger kommune

Overformynderruller hjå IKA Hordaland