Matrikkelen er namnet på Noregs offisielle register over fast eigedom. Matrikkelen utvikla seg på grunnlag av landskylda, ei avgift på jordeigedom som opphavleg vart betalt i naturalia som korn, smør og fisk. I 1863 vart det bestemt at matrikkelen skulle reviderast. I kvar kommune vart det oppretta ein herredskommisjon til å foreta ei nymatrikulering. Kommisjonen skulle i sitt første møte utnemne ein førebuande komité som hadde i oppgåve å utarbeide ei beskriving over alle matrikulerte eigedomar i heradet. Medlemmane frå kommisjonen reiste rundt på gardane i heradet, og på kvar gard vart det satt opp ei oversikt over verdimomentet til garden. Basert på den samla oversikten over alle gardane foreslo herredskomitéen korleis skattskulda skulle bli fordelt. Forslaget var deretter lagt ut til ettersyn.
Etter å ha handsama eventuelle klagar og innvendingar lagde herredskommisjonen eit endeleg framlegg til ny matrikkel. Denne ble behandla av tilsvarande organ på fogderi- og amtsnivå. Den nye matrikkelen var satt i kraft ved Kongeleg resolusjon av 29. mai. 1886.
Kva opplysningar finn vi arkiva?
Grunnlaget for skyldsetjinga var ei oppstilling over alle matrikulerte bruk i kvar enkelte kommune. Denne er ofte å finne i dei kommunale arkiva som «Matrikkel ca. 1860». I kommunearkiva finn vi også forhandlingsprotokollar og skyldelingsprotokollar frå herredskomiteen og herredskommisjonen. Ei beskriving av verdimomenta til garden og skylddelingsforslag vart registrert i eit eiga skjema. Her skulle opplysningar som namn på garden, matrikkel og løpenummer, namn på eigar eller brukar av garden og skyld før matrikkelrevisjonen førast inn. Skjemaet skulle også skildre garden og kva for ressursar han hadde, og merknader om særlege forhold. Døme på spørsmål som skulle bli bestvart kunne vere: «Omtrentleg storleik og kvalitet på åker og dyrka eng», «Har eigedomen skog til husbruk» og «Husdyrhald»
Arkivmateriale etter herredskommisjonen kan og vere å finne i det statlege arkiva.
Digitalisert materiale
På Digitalarkivet finn du arkivmateriale etter herredskommisjonene. Ønskje du å lese i desse kjeldene kan du trykke på lenkene nedanfor:
Fjelberg kommune. Herredskommisjonen av 1863
Stord kommune. Herredskommisjonen av 1863
Kvinnherad kommune. Herredskommisjonen av 1863
Jondal kommune. Herredskommisjonen av 1863
Røldal kommune. Herredskommisjonen av 1863
Ullensvang kommune. Herredskommisjonen av 1863
Ulvik kommune. Herredskommisjonen av 1863
Voss kommune. Herredskommisjonen av 1863
Fusa kommune. Herredskommisjonen av 1863
Askøy kommune. Herredskommisjonen av 1863