Vi oppdaterer nettsidene – enkelte sider kan innehalde utdatert informasjon eller daude lenkjer
Vi arbeider for tida med å oppdatere innhaldet på nettsidene våre. Det kan føre til at noko informas...
Les mer...
Framhaldsskulen, også kjent som fortsetjingsskulen, var ein eitt til toårig skule som bygde vidare på den sjuårige folkeskulen. Skulen var eit alternativ for elevar som ynskte ei mindre teoriprega undervisning enn den ein fekk i realskulen.
Prosjektet «Skulekrinsane i Hordaland» skal legge til rette for trygg og god digital forvaltning og formidling av skulekrinsane i Hordaland frå perioden før 1964. I prosjektet har vi skanna og digitalisert om lag 400 skuleprotokollar frå arkiva etter eigarkommunane våre fram til og med 1920. Dei digitaliserte skuleprotokollane er tilgjengelege frå Digitalarkivet.