Kopibok for Finnås fattigkommisjon (1846-1882)
Kopibok for Finnås fattigkommisjon (1846-1882)

Fattigdom er ein gamal problematikk og omsorg for dei fattige var tidleg anerkjent som ei samfunnsoppgåve. Det første tilløpet til offentleg organisering av fattigomsorg slik vi kjenner det i dag kom med opprettinga av fattigkommisjonen i Kristiania i 1741. I løpet av få år hadde alle dei største byane fått sin egien fattigkommisjon. Kommisjonen besto av sognepresten, lensmannen og to representantar for bøndene.

Fattigkommisjonen hadde som oppgåve å setje opp budsjett, avgjerde kven som hadde rett på støtte og kva for støtte dei skulle få, samt å sjå til at vedtaket vart satt i verk.

I 1837 vart ansvaret for dei fattige i samfunnet overført til kommunen og den einskilde kommune oppretta sin eigen fattigkommisjon. Den første samla og einskaplege lov om fattige kom i 1845. Lova førte med seg ei viktig politisk endring som skulle gje fattigkommisjonen eit mer demokratisk preg. Styret i fattigkommisjonen vart i større grad valt av kommunestyret og dette auka påverknadskrafta til bøndene i kommisjonen. I 1891 endra kommisjonen namn til fattigstyret.

I 1900 kom det ny fattiglov som skulle bli ståande fram til 1965. Lova var fleksibel og kunne bli nytta til tross for dei politiske, sosiale og økonomiske endringane samfunnet så i perioden. Gjennom perioden vart fattigvesenet avlasta ved at ulike kostnaer og oppgåver vart flytta til andre organ og institusjonar.  

Kven fekk hjelp av fattigstyret?

Fattigstyret skulle tilby hjelp til dei trengande, men det rådet samstundes ein tankegang om at folk skulle klare seg sjølv og at fattigdom var noko som var sjølvvalt. Å søke om hjelp frå fattigvesenet var for mange ein siste utveg då det ikkje berre førte med seg skam, men og kunne føre til tap av politiske rettar. Kven som hadde rett på støtte frå fattigstyret varierte, men born og gamle utgjorde ei stor gruppe av dei understøtta.

Dei tidlege fattigkommisjonane hadde to hovudoppgåver: «å syte for at trengande fekk hjelp og straffe dei som var sett på som late, ulydige eller umoralsk». Kommisjonen skilte således mellom dei «verdige» og «uverdige» fattige.

Fattiglova av 1863 skilte mellom tre kategorier av fattige:

  1. Foreldrelause born og sinnsjuke
  2. Gamle, sjuke og vanføre
  3. Friske, men understøtta folk

Den siste kategorien var representert av forlatte koner og enker med born, ugifte kvinner med born og born som var forlatt eller på annan måte skilt frå foreldra sine.  

Former for støtte

Fattigstyret gav ulike former for støtte. Medan enkelte tok i mot pengar vart andre plassert i fattighus, arbeidsheim eller satt til forpleining i private hjem. Dei sistnemnde formene for støtte innebar ofte ein grad av tvang.

Det vart og gitt ulike former for særstøtte. Dette kunne vere hjelp til å dekke lege- og medisinrekningar, betaling av jordmor eller gravferdshjelp.

Digitalisert arkivmateriale

På digitalarkivet.no finn du arkivmateriale etter fattigstyra for åra før 1923. Ønskjer du å lese i desse kjeldene kan du trykke på lenkene nedanfor:

Etne kommune. Fattigstyret

Sveio kommune. Fattigstyret

Finnås kommune. Fattigkommisjonen

Moster kommune. Fattigstyret

Bremnes kommune. Fattigstyret

Stord kommune. Fattigstyret

Tysnes kommune. Fattigstyret

Strandebarm kommune. Fattigstyret

Jondal kommune. Fattigkommisjonen

Røldal kommune. Fattigstyret

Ullensvang herad. Fattigkommisjonen

Eidfjord kommune. Fattigstyret

Granvin herad. Fattigstyret

Voss kommune. Fattigstyret

Vossestrand kommune. Fattigstyret 

Strandvik kommune. Fattigstyret

Os kommune. Fattigstyret

Austevoll kommune. Fattigstyret

Bruvik kommune. Fattigstyret

Hosanger kommune. Fattigstyret

Hamre kommune. Fattigstyret

Alversund kommune. Fattigkommisjonen

Manger kommune. Fattigstyret

Masfjorden kommune. Fattigstyret

Askøy kommune. Fattigstyret

Fjell kommune. Fattigstyret

Sund kommune. Fattigstyret

Hjelme kommune. Fattigstyre

 


Kjelder:

Oslo byarkiv: «Om fattigvesenet». Oslo byarkiv. Digitale kilder

Erhardt, Anna «Fattigvesenets utvikling på 1800-tallet - med blikk på Namdalen» Norsk museumstidsskrift 02/2016 (vol. 2). 

Fjeltvedt, Grete, «Fattigvesen og fattighjelp» Historier fra en bydel - Årstad (19.03.2013).