Året 2022 starta med restriksjonar som følgje av pandemien, planlegging av flytting av verksemda i samband med ombygginga av Bergen Byarkiv. Samstundes som vi gjennomførte ei flytting og samlokalisering av alle våre tilsette til erstatningslokale, vart det og utvikla og gjort forbetringar på tenestene vi leverer til eigarane. 

Ei viktig hending, var at vi etter å ha gjennomført ein vellukka pilot med Arkivverket gjekk i drift med Digitalarkivet som digitalt sikringsmagasin. Ei anna hending som kan trekkjast fram var at vi gjorde fleire forbetringar på skannelinja vår som medførte at vi i løpet av 2022 vart den største kommunale aktøren på Digitalarkivet. 

Alle desse aktivitetane ville ikkje vore mogleg å gjennomføre utan velvillige eigarar samt rause og ryddige medarbeidarar. Som dagleg leiar er eg stolt over det vi har oppnådd i 2022 og ynskjer deg god lesing. 

Her kan du lese årsrapporten for 2022.