Dagen starta med IKA Hordaland sine eigne folk, Knut og Helene. Knut presenterte ordningsarbeidet vi på IKA Hordaland gjer for kommunane våre og Helene gav oss eit historisk tilbakeblikk på forholdet mellom sletting og bevaring.
Kristin Fjelberg fortalte vidare om Bergen Byarkiv og deira innføring av nytt sak-arkivsystem i Bergen kommune. Ho delte erfaringar både om kva som hadde fungert og om utfordringar dei har hatt, mellom anna med det tekniske knytt til integrasjonar, mange fagsystem og standardiseringar. Ho oppsummerte prosjektet så langt med nokre tips til andre som skal igjennom det same.
Etter lunsj var det Unn Elisabeth Huse sin tur. Ho er byarkivar ved Trondheim Byarkiv og fortalde om deira erfaringar knytt til ulike prosjekt, med vekt på digitalisering. Ho poengterte at "digitalisering er løsningen og samarbeid er nøkkelen".
Men dette er ikkje alltid like enkelt å få til i praksis, mange IKT- prosjekt misslukkast i å oppnå det dei eigentleg ønskjer. Ho fortaltd vidare om eit eiget prosjekt ved Trondheim Byarkiv, med å skile sak og arkiv, og utfordringar knytt til dette og kvifor det ikkje hadde fungert. Ho delte vidare kva Trondheim Byarkiv har lært av dette og korleis dei no skal jobbe i framtida.
Dagen vart avslutta av Hilde Elvine Bjørnå arkivsjef i Arkiv Troms. Ho har vore del av arkivlovutvalet og kom for å snakke om arkivlovutvalet sin NOU 2019:9. Ho trakk fram fleire av endringane det er lagt opp til.
Dagen vart avslutta av ein informasjons- og spørsmål/svar runde.
Dag to omhandla i sin heilskap om temaet personvern. Advokat Kurt O. Bjørnnes gjekk igjennom viktige aspekt ved personvern i offentleg sektor. I tillegg til ein gjennomgang av lovverket knytt til personvern, tok ha opp ei rekke problemstillingar knytt til utfordingar som personvern vs. arkivformål.