Digitalisering av byggesaker
Dei kommunale byggesaksarkiva er blant dei aller mest brukte arkiva vi har. Særleg privatpersonar og eigedomsmeglarar er ofte innom byggesakskontora ved bygging eller kjøp og sal. Det er difor viktig at arkiva har ein fysisk nærleik til forvaltinga.
Mange kommunar vel å digitalisere desse arkiva, det gjev mange fordelar til kommunen. Når arkivet er digitalisert kan det setjast vekk til langtidsbevaring hjå IKA Hordaland. Det frigjev verdifull kvadratmeterplass og sikrar arkivet for all tid.
Med eit digitalisert byggesaksarkiv sparar sakshandsamarane mykje tid på å framfinne og skanne inn dokumentasjon kvar gong det trengst. Dei digitaliserte byggesakane blir fulltekstsøkbare for sakshandsamarane, og kan enkelt finnast att på både gards- og bruksnummer og tiltakstype.
Ta kontakt med din kommunekontakt for pristilbod på digitalisering av byggesaksarkiv.
Digitalisering av politiske møtebøker
Møtebøker frå kommunestyre, formannskap og politiske utval i kommunane er viktige kjelder som dokumenterer korleis lokaldemokratiet fungerer. Møtebøkene inneheld vedtak som har innverknad på deg og meg, og ansvarleggjer dei som sit med avgjerdsmynde.
Tilgang til politiske møtebøker er grunnleggjande for offentlegheita sin rett på innsyn i offentlege dokument. Møtebøkene er også i hyppig bruk av forvaltinga.
Ta kontakt med din kommunekontakt for pristilbod på digitalisering av politiske møtebøker etter 1993.
Digitalisering av eldre protokollar
Den raskaste inngangen til rettane og historiane som finst i arkiva våre om det demokratiske kommunale Hordaland er gjennom protokollane. Heilt sidan 1837 har kommunestyrevedtak, karakterar og fråver, rekneskap, post, og etter kvart vedtak om fattige og born og anna vorte ført i protokollar.
IKA Hordaland digitaliserer dei mest brukte protokoll-seriane for kommunane i Hordaland fram til 1993 som ein del av dei grunnleggande tenestene . På sida arkivkatalogar og digitalisert materiale kan ein sjå kva som har vorte digitalisert. Sjå også kva vi held på med å digitalisere til Digitalarkivet no.

Utstyr
Det meste av utstyret vi bruker er sertifisert i samsvar med ISO 19264-1:2021 Photography — Archiving systems. Denne ISO-standarden gjeld for skannarar og digitalkamera som blir nytta til digitalisering av kulturminnemateriale, og angjer kva eigenskapar som blir målt, korleis dei blir målt, og korleis resultata av analysen skal presenterast.
Nedanfor er ei liste over bok-, dokument- og storformatskannarane som inngår i produksjonslina for digitalisering av kulturarven.
- DL-mini C-400
- CopiBook Open System A2
- CopiBook Open System A1
- Colortrac SmartLF SC 42
- Canon imageFORMULA DR-M160II
- Canon imageFORMULA DR-M160
- Canon imageFORMULA DR-G1100