Digitalisering

I fylgje teneskildring for arkivdepot skal IKA Hordaland levere digitalisering av kulturarven til eigarkommunane. Dette er i tråd med St.meld nr. 24 (2008-2009) Nasjonal strategi for digital bevaring og formidling av kulturarv (digitaliseringsmeldinga). Digitaliseringsmeldinga gjer det klart at arkivsamlingane i Noreg utgjer ein vesentleg ressurs for forsking og undervising, og er kjelde til kultur- og samfunnsutvikling. Arkivkjeldene vi forvaltar representerer historie, kultur og identitet og er utgangspunkt for tolking og forståing. Det er av sentral verdi for vår felles forming av det norske samfunnet at kjeldene er sikra og at ålmenta har demokratisk tilgong til dei. Vi bidreg til dette ved å digitalisere analoge arkiv og gjere dei tilgjengelege.

Mål for digitalisering av kulturarven

Målet for digitaliseringsstrategien er at brukarane skal få tenester tilbydd på digitale flater. Vi hjelper kommunane våre gjennom å gje tilgong til arkiv via nasjonale samhandlingsløysingar, standardisering, fellesløysingar og felles arkitektur.

IKA Hordaland har avtale med Arkivverket om bruk av Digitalarkivet.no som publiseringsplattform for digitalisert arkivmateriale. Avklausulert materiale er publisert fritt i løysinga. Tilgang til materiale med restriksjonar blir gitt direkte til publikum eller forvaltninga ved førespurnad. Framgangsmåten er skildra her.

Arbeidet er finansiert gjennom ein del av hyllemeterkostnaden som eigarkommunar betaler og gjeld arkiv frå 1837-1995. Ein stillingsressurs er sett av til arbeidet, men digitaliseringsløypa blir betent av samtlege tilsette i ei skiftordning.

Vi har utvikla ei eiga produksjonsline for digitalisering som tek utgangspunkt i katalogdata frå ASTA 5 og arkivportalen.no. Våre publiserte kjelder hadde 140.000 visningar på digitalarkivet.no i 2021. 

Copibook

Utstyr

Det meste av utstyret vi bruker er sertifisert i samsvar med ISO 19264-1:2021 Photography — Archiving systems. Denne ISO-standarden gjeld for skannarar og digitalkamera som blir nytta til digitalisering av kulturminnemateriale, og angjer kva eigenskapar som blir målt, korleis dei blir målt, og korleis resultata av analysen skal presenterast.

Nedanfor er ei liste over bok-, dokument- og storformatskannarane som inngår i produksjonslina for digitalisering av kulturarven.

  • DL-mini C-400
  • CopiBook Open System A2
  • CopiBook Open System A1
  • Colortrac SmartLF SC 42
  • Canon imageFORMULA DR-M160II
  • Canon imageFORMULA DR-M160
  • Canon imageFORMULA DR-G1100