Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden
A A A

Nyhende

Her finn du IKA Hordaland sin formidlingskanal ut mot publikum og eigarkommunane. På sida vil vi legge ut informasjon, nyhende, gje eit innblikk i arbeidet vi gjer på IKA Hordaland og presentere smakebitar frå arkiva.

Donasjon Nasjonalhjelpen

Storstilt sabotasjeaksjon på Voss under andre verdskrig

Voss var rask å mobilisera då tyskarane gjekk til åtak på Noreg 9. april 1940, og skulle snart verta eit militært hovudkvarter for den norske motstanden for heile Vestlandet. Voss var sant å seie den einaste staden i heile Sør-Noreg kor det lykkast å mobilisera ein heil feltbrigade etter boka. Brigade. 4 samla på det meste om lag 6300 mann på dei gamle ekserserplassane Bømoen og Tvildemoen. Tyskarane, som hadde halde godt auge med den aukande militære aktiviteten på Voss, bomba Vossevangen sunder og saman i dagane frå 23. til 25. april 1940. Heile 87 bygningar brende ned og ni menneskeliv gjekk tapt.

Potetkort

Okkupasjon og forsyning

Hausten 1939 er Europa i djup krise. Tyskland invaderer Polen. England og Frankrike erklærer Tyskland i krig. Erfaringane frå 1. verdskrig gjer at Noreg straks innfører krise- og reguleringstiltak. I kommunale arkiv finn ein spor av særleg eit viktig krisetiltak, nemleg opprettinga av forsyningsnemnder. Eit særs spennande og innhaldsrikt arkiv som viser ein elles lite synleg del av krisa, krigen og seinare okkupasjonen av Noreg, nemleg kvardagslivet i krisetid.

Eldre-arkiv

Eldre arkiv på Arkivportalen

IKA Hordaland har tidlegare ordna, registrert og utarbeida arkivkataloger for alle våre eigarkommunar frå perioden før 1965. Desse katalogane er no registrert i Asta og publisert på Arkivportalen.no. Som fyrste arkivinstitusjon i Noreg har vi tilgjengeleggjort alt vårt eldre arkivmateriale ned på mappenivå på Arkivportalen.

I arkivet til Nasjonalhjelpens Heradsnemnd i Ullensvang finst det gamle aksjebrev

Nasjonalhjelpen tok vare på krigsramma

Bombinga av Voss i aprildagane 1940, tyskaranes øydelegging av nordnorske byar under tilbaketrekkinga i 1944, kriseramma born utan føresette til å ta vare på dei - Nasjonalhjelpen i Voss og Ullensvang bidrog med hjelp til fleire kritiske situasjonar i Noreg under 2. verdskrig og i dei fyrste etterkrigsåra. Nasjonalhjelpen er nemninga på institusjonen i Noreg som under den tyske okkupasjonen og i etterkrigstida stod for innsamlingar og utdeling av hjelp til skadelidde. Institusjonen vart etablert av Administrasjonsutvalget 25. april 1940 under namnet «Fellesutvalget for humanitært hjelpearbeid», men opererte i løpet av og etter krigen under fleire namn. Sjølv om Fellesutvalget vart avsett i september 1940, vart arbeidet under krigen halde gåande så langt det let seg gjera. Etter frigjeringa sette Nasjonalhjelpen i verk ei innsamling til fridomskampen sine ofre som innbringa rundt 100 millionar kroner. Institusjonen vart avvikla i 1952. 

 

Erik Patric og Herman i full sving i depot

Praksis i arbeidslivet

Våren 2020 har IKA Hordaland teke imot to nye praksisstudentar frå Universitetet i Bergen (UiB), Erik Patrick og Herman. Dei tek studieemnet AHKR201 «Praksis i arbeidslivet», eit emne som skal gje studentar arbeidserfaring gjennom deltaking i arbeidsoppgåver knytt til praksisplassen sin faglege kompetanse. Emnet gjev 15 studiepoeng og er knytt til Institutt for arkeologi, historie, kultur – og religionsvitenskap.

KDRS

Prosjekt Digitalt depot

I dei siste åra har det vore stort fokus på faren for tap av viktig dokumentasjon i kommunane, særleg dei digitale arkiva ser ein er særleg utsett. Seinast i dag tok Kommunal rapport til ordet på leiarplass om bekymringa for dokumentasjonstap i kommunane. Dei stillar vidare eit viktig spørsmål om korleis innbyggjarane kan ha tillit til forvaltninga når mellom anna tilsyna Arkivverket har gjennomført viser at arkiva har store manglar og at arbeidet kring dokumentasjonsforvaltninga i kommunen ikkje vert prioritert.

Klokke

Førejulstid på Natås framhaldsskule

For skuleelevar markerer juleferien at halve skuleåret er fullført, og mange ser fram til nokre fridagar frå undervisning og heimeleksar. Jula var og eit viktig tema i skuleavisa til Natås framhaldsskule.

KDRS

Digitalisering av rettighetsdokumentasjon iht GDPR

Interkommunalt arkiv i Hordaland IKS fikk i desember 2018 tildelt arkivutviklingsmidler fra Arkivverket for å gjennomføre et prosjekt hvor vi skulle digitaliserte bortsatt rettighetsdokumentasjon fra én av våre eierkommuner for å utarbeide et fullstendig grunnlag for å konvertere alle personarkiv/personregistre vi forvalter til å være i tråd med lov om behandling av personopplysninger og i et format som er rettet mot fremtidens innsynsløsninger.

Prosjektmidler

Tildeling av prosjektmidlar

Prosjekt- og utviklingsmidlane til Arkivverket vart i år tildelt prosjekt som er knytte til digitalt materiale og/eller digital tilgjengeleggjering, som leggjar til rette for meir effektiv formidling og forsking, som komer mange til gode og fremjar samarbeid og som er nyskapande og tar i bruk ny teknologi. 

Arkivliste frå 1848 funne i arkivet etter Etne formannskap

Arkiva fortel si eigen historie

Arkiva er blant våre viktigaste kjelder til vår eigen historie, og historia til menneska som levde før oss. I arkiva finn vi opplysningar om politiske prosesser, rettighetsdokumentasjon og opplysningar om andre hendingar som har bidrege til å forme samfunnet slik vi kjenner det i dag. Men arkiva inneheld også forteljingar om si eigen historie.

1 | 2 | 3 | 4 | 5 | 6 | 7 | 8 | 9 | 10
>