Husmorvikarnemnda
Mot slutten av 1940-talet vart dei fyrste husmorvikarstillingane i kommunen oppretta. Husmorvikarane skulle bidra med hjelp til barnefamiliar i situasjonar der husmora sjølv ikkje kunne utføre sitt vanlege tilsyn og stell i heimen. Verksemda kunne også i nokre tilfelle nyttast i førebyggjande arbeid, blant anna som støtte i nyetablerte familiar som trong råd og rettleiing.








