Representantskapsmøte
Måndag 25. april 2022 blir det årlege representantskapsmøte for IKA Hordaland holdt.
Her finn du IKA Hordaland sin formidlingskanal ut mot publikum og eigarkommunane. På sida vil vi legge ut informasjon, nyhende, gje eit innblikk i arbeidet vi gjer på IKA Hordaland og presentere smakebitar frå arkiva.
Måndag 25. april 2022 blir det årlege representantskapsmøte for IKA Hordaland holdt.
I år hadde IKA Hordaland igjen gleda av å invitere til vår årlege kontaktkonferanse. Konferansen vart arrangert på Solstrand Hotel og Bad torsdag 9. juni og fredag 10. juni.
Mykje av arkivmaterialet IKAH har publisert på Digitalarkivet er sperra på grunn av klausuleringar. Det er i utgangspunktet berre arkiv som er eldre enn 100 år som kan publiserast fritt. I rettleiaren nedanfor står det korleis du får tilgang – steg for steg.
IKA Hordaland sin strategi er å digitalisere dei mest brukte arkiva våre for å tilby dei digitalt til eigarkommunane våre og andre brukarar av arkiva. Vi nyttar Digitalarkivet som publiseringsplatform, og her finn du allereie over 3000 digitaliserte arkivstykke frå blant anna formannskapa, skolestyra og jordstyra.
Arkivkoder er eit viktig verktøy for å sikre attfinning av dokumentasjon i kommunale arkiv. K-koder er den mest brukte arkivnøkkelen blant norske kommunar i dag, og er eit kodesystem som blir brukt for å markere kva for emne ei saksmappe eller arbeidsprosess tilhøyrar.
Styret vil med dette invitere til eigarmøte tysdag 25. januar 2022 frå kl. 10.00-12.00. Møte vert helde digitalt på teams og er ope for alle.
Laurdag 13. november blir Arkivdagen markert på små og store arkivinstitusjonar over heile Norden. Samarbeidet mellom dei nordiske arkiva har som mål å vekke interesse for arkiva som minnet til samfunnet – både for fortid og framtid. Tema for dagen i år er «barn i arkivet».
Interkommunalt arkiv i Hordaland markerer dagen med eit omfangsrikt kjeldeslepp på nett i samarbeid med Bergen byarkiv, Fylkesarkivet i Vestland og Spesialsamlingene ved Universitetet i Bergen.
IKA Hordaland har gleda av å invitere til Kontaktkonferansen 2021. I år vil konferansen bli heldt digitalt 27. og 28. oktober kl. 10.00 – 12.30 begge dagar.
Til konferansen har vi inviterte fleire dyktige foredragshaldarar som skal ta oss gjennom det vi håper blir eit spennande og inspirerande program.
Årets konferanse er gratis. Påmeldingsfrist er 25. oktober. Du kan sende din påmelding til post@ikah.no.
Lenke til Teams vil bli sendt ut til alle deltakarar nokre få dager i forkant av konferansen.
I samband med 10-årsdagen for terroråtaka i regjeringskvartalet og på Utøya 22. juli 2011, har IKA Hordaland teke eit initiativ til å samle inn kondolanseprotokollane som vart lagt fram i eigarkommunane våre.