Eg fekk tilbod om praksis hjå IKAH gjennom emnet «praksis i arbeidslivet», AHKR201. Faget har som mål å hjelpe studentar å byggje opp arbeidsrøynsle som er knytte til deira faglege bakgrunn. Ein får dimed to grupper av oppgåver knytte til praksisopphaldet: faglege oppgåver frå universitetet; og arbeidsrelaterte oppgåver frå arbeidsplassen. 

Då eg kom til IKA Hordaland vart me einige om kva arbeidsoppgåvene mine skulle vera i løpet av vårsemesteret. Oppgåvene mine var blant anna: ordning, digitalisering, registrering og deponering av arkiv. I tillegg skulle eg vera med på ein formidlingsaktivitet til IKA Hordaland, som innebar å skrive ein artikkel og digitalisere innhald frå arkivet til «One Ocean Week» i Bergen. Materiala som eg skulle nytte til arrangementet var kjelder knytte til fiskarmanntal og andre maritime arkiv frå gamle Hordaland. 

Praksisopphaldet mitt byrja med fleire ymse oppgåver knytt til arbeidsplassen. I den fyrste veka vart eg kjend med kjeldene som eg skulle arbeide med til «One Ocean Week», og me gjekk òg gjennom korleis ordning og registrering av arkiv fungerer. Etter at eg hadde fått ein god forsmak av arbeidet, fekk eg høve til å ordna skulearkivet til ein av skulane frå Stord. I den fyrste månaden veksla eg mellom ordning av arkiv og formidlingoppgåva. Ordninga av arkiv gav meg god lærdom om korleis arbeidsdagen til ein arkivar er. Eg fekk òg vera med ein tur til Eidfjord for å henta og levere arkiv (deponering). Det var ein veldig kjekk tur og eg fekk opplevd denne delen av tenestene til eit depotarkiv. Då «One Ocean Week» byrja å nærme seg hadde eg ordna ferdig skulearkivet, og me gjorde oss klar til å stå i bu ved bryggja i Bergen. Dagen etter Statsraad Lehmkuuls heimkomst, stod eg saman med IKA Hordaland, Bergen byarkiv og Fylkesarkivet i Vestland i bu ved bryggja. Her møtte eg fleire folk som eg let seg freiste med eit hefte som fortalde om arkivas verksemd og korleis ein kunna læra meir om norsk sjøfartshistorie. 

Praksisopplegget har vore ei lærerik røynsle, særleg med tanke på at eg ynskjer å fortsetja med arkiv nå i framtida. IKA Hordaland har vore so rause at dei har gjeve meg ei stilling som sumarvikar hjå arbeidsplassen deira. Eg er veldig nøgd med røynsla og eg ser fram til fleire fine månadar hjå IKA Hordaland.