1. Opprett brukar

Det fyrste steget er å opprette brukar på Digitalarkivet og Arkivportalen. For å opprette brukar klikk på lenkene nedanfor og fyll inn nødvendig informasjon

  1. Digitalarkivet
  2. Arkivportalen

1.1 Aktiver to-faktor autentisering på Digitalarkivet

Det er viktig at du aktiverer to-faktor autentisering på Digitalarkivet for å få tilgang til sperra arkivmateriale. 

  1. Digitalarkivet sine heimesider, klikk på «Logg inn» i høgre hjørne.
  2. Logg inn med brukarnamn og passord
  3. Når du har logga inn vil du komme tilbake til heimesida til Digitalarkivet. Trykk på namnet ditt som står i høgre hjørne
  4. Klikk på «Min Konto»
  5. Under «Sikkerhet». Klikk på aktiver to-faktor autentisering og følg trinna vidare.

2. Finn digitalisert arkivmateriale

IKAH har laga ei oversikt over kva materiale som er digitalisert frå dei ulike kommunane. Å bruke denne er den enkleste framgangsmåten for finne det du leiter etter

  1. Gå inn på IKAH sine heimesider.
  2. Klikk på «Arkivkatalogar og digitalisert materiale». Du finn det under «Tenester» -> «Bruk arkiva»
  3. På denne nettsida kan du sjå alle arkivkatalogar og digitalisert arkivmateriale frå alle kommunane våre, inkludert dei historiske. Arkiv som er digitalisert finn du i kolonna heilt til høgre når du skrollar ned på sida. Klikk på kommunen du ønskjer å sjå digitalisert arkivmateriale frå.
  4. Du vil no komma inn på Digitalarkivet. Alt du ser på skjermen er publisert og kan lesast.

2.1 Få tilgang til arkiv som er sperra

Alt arkivmateriale som er eldre enn 100 år kan lesast fritt på Digitalarkivet. Det vil seie alt frå 1837-1922. Arkiv som er yngre enn 100 år er som regel sperra. Du kan sjå at arkiveininga er sperra på at det er ein hengelås på kolonna heilt til høgre. Du kan òg sjå det hvis du klikkar deg inn på «Første side». Du vil då få ein beskjed om at den er sperra. For å få tilgang, gjer fylgjande:

  1. Finn det arkivmaterialet du ønskjer å sjå i
  2. Klikk på hengelåsen i kolonna heilt til høgre.
  3. Det vil no opne seg eit vindauge som viser kjeldeinformasjon. Klikk på «Lenke til Arkivportalen» som står under «Arkivreferanse».
  4. Du vil no komme inn på arkivportalen. Det neste steget er å leggje det du ønskjer tilgang til i handlekorga. Mus over tittelen til arkiveininga som står under IKAH-logoen. Du vil sjå ei handlekorg heilt til høgre. Klikk på den.
  5. Klikk på handlekorga i høgre hjørne på Arkivportalen
  6. Du kan no gjere bestillinga di. Hugs å logge inn for å gjennomføre bestillinga.
  7. Endre leveringsmåte frå «Lesesal» til «Digital kopi». I notat, skriv t.d. «Eg ønskjer tilgang til følgjande protokollar. Tilgang kan gis til Ole.Normann@eksempel.kommune.no». OBS! Det er viktig at e-postadressa er den same som du bruker på Digitalarkivet og Arkivportalen.
  8. Trykk på «Gå videre til bestilling» når du har lagt inn nødvendig informasjon

3. Tilgang til arkivmateriale

Etter at du har sendt inn bestillinga, vil du få tilgang til arkiveininga på Digitalarkivet i løpet av kort tid.