Minnemateriale etter 22. juli 2011
I samband med 10-årsdagen for terroråtaka i regjeringskvartalet og på Utøya 22. juli 2011, har IKA Hordaland teke eit initiativ til å samle inn kondolanseprotokollane som vart lagt fram i eigarkommunane våre.
Her finn du IKA Hordaland sin formidlingskanal ut mot publikum og eigarkommunane. På sida vil vi legge ut informasjon, nyhende, gje eit innblikk i arbeidet vi gjer på IKA Hordaland og presentere smakebitar frå arkiva.
I samband med 10-årsdagen for terroråtaka i regjeringskvartalet og på Utøya 22. juli 2011, har IKA Hordaland teke eit initiativ til å samle inn kondolanseprotokollane som vart lagt fram i eigarkommunane våre.
Våren 2021 har eg og to medstudentar vore i praksis hos Interkommunalt arkiv i Hordland. Me har fått teke del i ei rekkje arbeidsoppgåver, inkludert digitalisering av arkiva etter provianteringsråda i Hordaland frå tida rundt den fyrste verdskrigen. I denne teksten vil eg gje ein kort historikk om provianteringsråda og deira funksjon.
Våren 2021 har IKA Hordaland teke imot tre praksisstudentar frå Universitetet i Bergen (UiB) gjennom studieemnet AHKR201 «Praksis i arbeidslivet». Emnet er knytt til Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitenskap. Dette er eit emne som gjev 15 studiepoeng og skal gje studentar fagleg kompetanse gjennom deltaking i arbeidsoppgåver som kan vere relevante for studieretninga deira.
Invasjonen av Noreg 9. april 1940 markerte starten på fem år under tysk okkupasjon. Under okkupasjonen vart tyske mål i Noreg bombet av allierte fly. Enkelte byar og tettstader opplevde store øydeleggingar. I 1943 vart fleire norske kommunar pålagt å opprette katastrofeutval som skulle syte for at naudsynte tiltak vart iverkvsatt ved luftangrep.
Webinaret blir arrangert av kommunearkivordninga i Vestland og IKA Hordaland. I kurset vil advokat Kurt O. Bjørnnes ta oss gjennom sentrale punkt i personvernlova med eit særleg fokus på reglane som er viktige når det offentlege skal handsame personopplysningar.
Kurset skal gjere deltakarane trygge på personvenretten og kunnskap om reglane som vart innført gjennom GDPR.
For å få opparbeida seg verdfull kunnskap og arbeidserfaring, var sju studentar frå Universitetet i Bergen hjå oss for å arbeide frivillig hausten 2020. Dei har vore med på digitalisere kulturarven me ivaretek for eigarkommunane våre. Gjennom den døgnopne lesesalen Digitalarkivet.no kan du no finne mykje interessant og spennande arkivmateriale dei har skanna.
Kunnskap om dokumenthandsaming og forståing for kvifor dei daglege oppgåvene blir utført er nødvendig å ha som tilsett i eit offentleg arkiv. Med nettkurset Arkivskolen LIGHT får du grunnleggande fagkunnskap om handsaming av dokument i offentleg sektor.
I dag har fire av våre tilsette gått over i fast stilling. I tillegg har Lars Fivelstad Smaaberg takka ja til eit vikariat hjå oss fram til 31.01.2022.
På Digitalarkivet finn du no transkriberte husstandskort frå dei tidlegare kommunane Meland, Manger og Fusa. Korta er datert 1. november 1917 og er frå arkiva etter dei kommunale provianteringsråda. Husstandskort deler mange likskapstrekk med kommunale folketeljingar og dei er difor kategorisert som folketeljingar på Digitarkivet.
Alver kommune er den fyrste kommunen som tek i bruk det nye digitale sikringsmagasinet (DSM) til Interkommunalt arkiv i Hordaland IKS. Historiske data og digital dokumentasjon vil for ettertida bli bevart i fjellhallar i Midt-, Aust- og Nord-Noreg.