Kvalitetssikring er viktig for alt arkivarbeidet vi gjer. Standarden på elektroniske journalar er avgjerande for at alle partar har tillit til dokumentasjonen som er å finne i det aktuelle systemet. For å skape denne tilliten er det viktig å etablere gode rutinar for kontroll som gjer at vi kan stole på at journalane dokumenterer det som har skjedd i verksemda.
I webinaret skal vi blant anna sjå på kva for krav som blir stilt til journal og kvalitetssikring av journal, kva for system som må ha kvalitetssikring av journalen og korleis vi kvalitetssikrar.
Webinaret er eit gratis tilbod til våre eigarkommunar. Ynskjer du å delta kan du sende din påmelding til post@ikah.no innan 10. desember.
Opptak av webinaret finn du her.