Over dei siste åra har vi tatt inn mykje arkiv, i hovudsak frå perioden fram til 1990-talet. No ser vi eit behov for å vite kor mykje papirarkiv som står igjen for å planleggje framtidig plassbehov for papirarkiv. Kartlegginga skal legge grunnlaget for ein tilstandsrapport som igjen er ein del av interkontrollarbeidet for arkiv. Føremålet er å avdekkje omfanget av arbeidet som står ugjort, kva for arbeid som er riktig å prioritere og i kva for rekkjefølgje.

Onsdag 30. november kl. 12.30 – 13.00 inviterer vi til webinar kor vi vil fortelje meir om bakgrunn for prosjektet og kva status på prosjektet er i dag.

Ønsker du å delta kan du sende ein e-post til post@ikah.no.

Webinaret vert heldt digitalt på Teams. Lenke til møte vil bli sendt ut nokre dagar i forkant av webinaret.