På arrangementa vart det fortalt korleis Øygarden kommune tek vare på dokumenta sine, og kva for informasjon vi kan finne i nye og eldre arkiv. Lokale godbitar frå blant anna samferdsel, skule, fattigvesen og næringsliv vart presentert. Arrangementa var svært vellykka, og vi tok med oss mange gode erfaringar. Å bidra til eit formidlingsprosjekt som dette er noko vi gjerne gjer igjen.

Onsdag 7. september kl. 12.30 – 13.00 inviterer vi til webinar kor vi vil fortelje meir om førebuinga og gjennomføringa av arrangementa. Vi vil og informere om kva kommunen må bidra med dersom de ønsker å samarbeide om eit tilsvarande arrangement i framtida.

Webinaret vil foregå på Teams. Lenke til møtet vil bli sendt ut nokre dagar i forkant av webinaret. Ønsker du å delta kan du sende din påmelding til post@ikah.no.