På bildet «Venner» øvst i artikkelen ser vi Joakim Nordbø f. 24.10.1894 d. 01.1971, Olga Villanger f. 19.11.1898 d. 07.1962, Martinus Haugland f. 12.03.1896, Karl Jaugland (I Jere), Hilda Villanger f. 04.03.1900 d. 1997, Martha Haugland (Løbakkå) f. 27.07.1898, Konrad Rise. f. 21.11.1902 d. 14.07.1968.
Fotografi etter bygdeboknemnda
Radøy bygdeboknemnd var ein kommunalt nedsett nemnd, og var komiteen bak det omfattande bygdebokverket Radøy gjennom tidene. Bokverket består av fem bind og er tilgjengeleg via Nasjonalbilbioteket.no.
Bileta syner ei rik og variert historie om alt frå menneska som bur og budde i kommunen, kva dei heldt på med på fritida, korleis dei arbeidde i det gamle jordbrukssamfunnet, natur, bygningar og mykje meir. Fotografia er teke frå slutten av 1800-talet og fram til tidleg 2000-tal.
Med kvart foto ligg det føre eit såkalla ‘fotoskjema’, altså eit ark med nedskrivne metadata om sjølve biletet og gjerne samanhengen det er teke i. Vi transkriberer dette og publiserer alle metadata med bileta.
Veit du om ei fotosamling?
Vi er opptekne av at fotografi som dokumenterer historia frå Hordaland vert ivareteke for ettertida og at innbyggjarane i det gamle fylket får enkel tilgang til desse digitalt.
I kommunane i Hordaland ligg det både fysiske og digitale samlingar av historiske foto heilt fram til i dag som dokumenterer viktig historie. Desse kan vere samla inn i knytnad til offentlege tenester og administrasjon, eller vera private fotografi som lag og organisasjonar har overlatt til kommunen.
Det finst også private samlingar rundt om som dokumenterer kulturen og liva våre. Til dømes etter aviser, fotografar eller særskilde samlarar.
Veit du om ei fotosamling som burde takast vare på og kan formidlast på Digitalarkivet foto? Ta kontakt med oss for ein vurdering.
