Til vårt prosjekt om å lage ei standardisering av arkivbeskrivingar for kommunal sektor har vi fått tildelt 85 000 kr.
Boka Administrasjonshistorie og arkivkunnskap (1987) av Liv Mykland og Kjell-Olav Masdalen er flittig brukt i kommunale arkivinstitusjonar. I boka blir kommunalt arkivmateriale frå perioden fram til midten av 1960-talet presentert og beskrive. Vårt prosjekt skal byggje vidare på dette arbeidet ved å lage ei standardbeskriving av 20 aktørar i kommunal sektor frå åra etter 1965. Beskrivinga skal oppfylle De kommunale arkivinstitusjonens standardisering av arkivbeskrivelse (KAISA) sine syv krav til aktørbeskriving, vere oppgåve- og funksjonsbasert, samt vise til heimel i lov. Det ferdige resultatet skal publiserast på begge målformer. Målet med prosjektet er å skape eit supplemet til KAISA sitt arbeid med aktørbeskriving.