IKAH har, som andre arkivinstitusjonar i Norge, vore sitt ansvar bevisst og har fleire tiltak for å overvake, avgrense og halde skjeggkrebestanden under kontroll. Skjeggkre er små, raske og lyssky, og kan difor vere vanskelege å halde under oppsyn. Dei kjem seg inn nærmast over alt, kan leve godt skjult over lang tid og har dessverre evna til cellulosenedbryting. Dei kan difor finne på å ete papir om dette ligg lett tilgjengeleg.
Vi har observert skjeggkre i restar frå emballasje og på pallar, i våtrom så vel som i kontorlokala våre. Dette var heller ingen overrasking, då skjeggkrea er blitt ein norgesvenn om vi vil det eller ikkje. Heldigvis er det fleire måtar å bekjempe dei på. Det som viser best resultat er limfeller med åte, godt og regelmessig reinhald, og det å ha låg luftfukt (55 % reel luftfukt eller under) og låg temperatur (16-18 °C). I våre arkivmagasin er alle desse tiltaka vore gjort. Ved å ha messaninduk ut mot fjellveggen og kontroll på lufta som kjem inn via ventilasjonsanlegget har temperatur og luftfukt alltid vore låg og under kontroll. Dei nyaste tiltaka våre er blant anna å ha minst mulig arkiv i kassar ståande og ingen arkiv på trepallar i langtidsmagasinet. Det å ha minst mulig ståande på golvet gjer òg at reinhaldet blir enklare. Mykje av arkivet som vert tatt inn i magasina får ny innpakking i form av nye boksar når det blir ordna. Heile magasinet vert grundig reingjort to gonger for året, i tillegg til vanleg reingjering kvar veke. Limfeller med åte er plassert ut fleire plassar i magasinet og vert kontrollert med jamne mellomrom. Til no har det ikkje blitt funne nokon kre av noko slag. Same type limfeller med åte er plassert ut i resten av lokala våre, både for å halde bestanden nede og for å kunne ha eit visst innblikk i kor stort omfanget er av skjeggkre i bygningen. Langvarig og målretta innsats med desse tiltaka viser seg å gje dei beste resultata mot sølvkre og skjeggkre.
Norsk hussopp forsikring (hussoppen.no) har ei rekke tips til korleis du kan bli kvitt skjeggkre.