På kurset vil forvaltningslova bli presentert, og ein vil sjå nærmare på tema som blant anna legalitetsprinsippet, samtykkeproblematikk, enkeltvedtak og klagesaksbehandling.

Kurset er utvikla og blir heldt av advokat Kurt O. Bjørnnes, som har bred erfaring i juridiske tema knytt til offentleg sektor. Han har særleg god kjennskap til forvaltninga si funksjon og verkemåte.  

Kurset vil finne sted på Augustin Hotel, C. Sundts gate 22, 5004 Bergen.

Det er avgrensa med plassar på kurset. Vi tilrår difor å vere tidleg ute med påmeldinga. Vi gjer merksam på at påmeldinga er bindande.

Pris er 1750 kr for eigarkommunar og 2900 kr for andre. Du kan melde deg på kurset her.


Program:

08.30: Registrering og kaffe

09.00-11.30: Kurs

11.30-12.30: Lunsj

12.30-15.30: Kurs (inkl. kaffepause)