Sjølv om vi starta med mindre digitaliseringsprosjekt som Finnås heldigitale kommune allereie i 2019, byrja digitaliseringa for alvor i 2020. Analysane våre syner at produksjonen og opplastinga på Digitalarkivet har auka med omlag 30% per år samanlikna med året før. I dag ligg produksjonen på rundt 5000-15 000 bilete kvar veke, avhengig av materiale som blir digitalisert.

Vi byrja med lånt utstyr i 2019, før vi skaffa oss ein eigen manuell I2S CopiBook-skannar i 2020. For å effektivisere skanneprosessen utvida vi i 2021 med ein heilautomatisk DL-Mini 400-skannar. I fjor investerte vi i ein større, halvautomatisk I2S CopiBook-skannar for skanning av materiale med større dimensjonar. 

Investeringar i teknologi har vist seg å vere lønsame, men vi verdset først og fremst menneskeleg innsats.

Takka vere våre dyktige operatørar og teknologi, har vi landa på vår standard for arkivdigitalisering og bevaring av kulturarv – også i digital form. Vi arbeider kontinuerleg med idear og planar for å effektivisere og forbetre digitaliseringa, samt å velje ulike etterspurde arkivkjelder og finne enklare måtar å tilgjengeleggjere arkivmateriale for publikum.

I tillegg til innsatsen frå våre tilsette, er det viktig å nemne bidraget frå våre frivillige, som også spelar ei stor rolle i dette arbeidet. Vi ser fram til å passere éin million bilete på Digitalarkivet og håper å nå dette målet innan utgangen av året.

Her kan du til ein kvar tid sjå dei siste publiserte kjeldene